Hopp til innhold

Tannpleiar ved distriktstannklinikken Surnadal (vikariat)

Arbeidsgiver

Kristiansund kompetanseregion [kristiansund_kompetanseregion], Møre og Romsdal fylkeskommune

Sted

Øyatrøvegen 18, 6650 Surnadal

Om jobben

Stillingstittel
Tannpleiar ved distriktstannklinikken Surnadal (vikariat)
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest mandag 21. september

Vil du bli ein del av tannhelseteamet vårt i Surnadal på Nordmøre? Vi søker tannpleiar i eitt års vikariat fra 1.8.2026.Klinikken ligg i kommunesenteret og har 4 behandlingsrom og 5 tilsette.

Surnadal er ein vakker kommune på Nordmøre med ca. 6000 innbyggarar. Kommunen tilbyr eit rikt kulturliv, gode turmoglegheiter i variert natur og gode oppvekstvilkår. Reisetid til både regionsenteret Kristiansund og til Trondheim er under to timer. Arbeide og bu i Surnadal - Surnadal kommune - Startsida

 


Arbeidsoppgåver

Varierte kliniske arbeidsoppgåver med undersøking og behandling av alle pasientgrupper. Forebyggande, helsefremmande tannhelsearbeid, med samarbeid med barnehagar, skolar, institusjonar og andre samarbeidspartar. I tillegg omfattar stillinga òg administrative oppgåver.   

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som tannpleiar.
  • God kommunikasjonsevne på norsk/skandinavisk, både munnleg og skriftleg.
  • Forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget, kvalitetssikring og pasientsikkerheit.

Personlege eigenskapar

  • Blir motivert av å jobbe for og med menneske.
  • Jobbar effektivt og sjølvstendig.
  • God samarbeidsevne, er serviceinnstilt og løysingsorientert.
  • Ønsker å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø.

Vi tilbyr

  • Ein god jobb der du kan utvikle deg 
  • Lønn etter tariffavtale 
  • Oppdatert og fin tannklinikk 
  • Eit fagleg nettverk med påfyll av kompetanse 
  • Trivelege medarbeidarar og godt miljø 
  • Introduksjonsprogram for alle våre nye kollegaer 
  • Ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg 
  • Trygge pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP) 


Anna

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
Den som vil bli tilsett må levere politiattest

Kontaktinformasjon

Tone Nord, Fylkestannlege, 95468500

Arbeidsstad

Øyatrøvegen 18
6650 Surnadal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

Referansenr.: 5172131139
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 21.09.2026

Kontaktperson for stillingen

Tone Nord

Fylkestannlege

95468500

Om bedriften

Bli med å utvikle regionen saman med oss!

Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.

Ledige stillingar innan tannhelse (mrfylke.no)

Interessert i jobb i den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal?

  • Ønsker du spennande utfordringar i eit av landets vakraste fylke?
  • Blir du motivert av å jobbe for - og med - menneske?
  • Ønsker du eit meiningsfylt arbeid med varierte pasientgrupper?
  • Vil du vere ein del av eit fagleg nettverk og ein organisasjon som opptatt av læring, samarbeid og tillit?

    Tannklinikkane våre (mrfylke.no)

Vi treng deg i det viktige samfunnsoppdraget vårt!


Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

3fafbad3-0e26-4b7d-bf51-43f92469fbb3

Sist endret

28. august 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

44d6719ee51547cfb0e872f8c0a94107

Lignende annonser

Laster lignende annonser