Brannkonstablar
Brann og redning, Bremanger kommune
Smørhamnsvegen 11, 6727 Bremanger
Om jobben
- Stillingstittel
- Brannkonstabel
- Type ansettelse
- Fast, deltid 1%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 9. november
Bremanger brann og redning har ledige stillingar som brannkonstablar på Hauge og Kalvåg. Bremanger brann og redning er organisert med fem brannstasjonar og tre depot, og har om lag 55 deltidsmannskap. Alle mannskapa i Bremanger brann og redning har plikt til å bere radio.
Arbeidsoppgåver
Deltidsbrannkonstabelen vert utkalla ved brann/ulukke etter behov. Det er krav til ca. 8 øvingar à 3 timar pr. år. Brannkonstablane er utan fast vaktordning, men har plikt til å bere radio og møte på utalarmeringar så sant dei har høve.Kvalifikasjonar
- Arbeidsstad og bustadadresse innanfor rimeleg tid frå brannstasjonen
- Må oppfylle fysiske og medisinske krav til røykdykking
- Førarkort kl B.
- Skriftleg godkjenning frå hovudarbeidsgjevar
- Vere villig til å gjennomføre nødvendig opplæring/kurs som brannsjefen pålegg
- God samarbeidsevne og fleksibilitet
- God norskkunnskap, munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse C og utrykkingsførarkort kode 160 for køyring av brannbil
- Fyrstehjelpskompetanse
- Bakgrunn innan beredskap, redning og tryggleik.
Aktuelle søkjarar må gjennomgå helsesjekk og fysisk test før tilsetjing.
Den som får stillingane må legge fram helse- og politiattest.
Vi tilbyr
- Vi tilbyr ei rekke gode ordningar, som startpakke for nytilsette, bustadtilskot, med meir. Alle ordningane finn du her.
- Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
- Gratis 12 timar SFO i veka for 1-3 klasse
- Sjå ledige bustadtomtar i kommunen
- Eit godt arbeidsmiljø der du vil møte gode kollegaer med godt humør og stå på vilje
- God pensjon og gode lånevilkår gjennom medlemskap i pensjonsordning. SPK.no- Statens pensjonskasse for undervisningspersonale ogvKLP.no-Kommunal Landspensjon for andre. Ordningane ein får tilgang på kan bety mykje gjennom livsløpet.
- Gode personforsikringar i arbeid og fritid
- Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling. Etter nærare avtale kan etter- og vidareutdanning gjennomførast med kompensasjon frå arbeidsgjevar
- Arbeidsgjevar dekker kostnadar til arbeidsklede, jf. lokal avtale
- Senioravtale for tilsette over 62 år
Kontaktinformasjon
Robert Endestad, Leiar for brannberedskap, +47 90124335Arbeidsstad
Smørhamnsvegen 116727 Hauge/Kalvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bremanger kommuneReferansenr.: 5029177718
Stillingsprosent: 1%
Fast
Søknadsfrist: 09.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Robert Endestad
Leiar for brannberedskap
+47 90124335
Om bedriften
Har du lyst til å bu tett på havet og naturen, i eit samfunn der det er godt å leve?
Bremanger kommune ligg ved kysten av Vestland fylke og har rundt 3.500 innbyggjarar. Her får alle barn gratis barnehageplass, og kommunen legg stor vekt på trygge og gode oppvekstvilkår. Kulturlivet og idrettsmiljøet er ope for både barn og vaksne, og naturen inviterer til eit aktivt friluftsliv, enten du er glad i fjellturar, sjøliv eller rolege stunder ute.
Grøn energi, industri, fiskeri og spektakulær natur er varemerket vårt. Vi er heimen til Grotlesanden, kystklippa Hornelen, Ålfotbreen og den legendariske Vetvika ut mot storhavet.
Vi håpar du vil bli betre kjent med oss – les meir på www.bremanger.kommune.no og www.godebremanger.no!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3f5ffd2f-b714-43dd-b9ff-116a1042989f
- Sist endret
22. oktober 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a06fef930d444e30a8e719be050e60d7
Lignende annonser
Helsefagarbeidar
Arbeidsgiver
for tida ved Bremanger sjukeheim, Bremanger kommune
Sted
Kalvåg
Helsefagarbeidar
Arbeidsgiver
for tida ved Bremanger sjukeheim, Bremanger kommune
Sted
Kalvåg
Sjukepleiar
Arbeidsgiver
for tida ved Bremanger sjukeheim, Bremanger kommune
Sted
Kalvåg