ID 2339 Skulebibliotekar - prosjektstilling skuleåret 25/26
Stord Kommune
Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Skolebibliotekar
Oppstart
11. august 2025
Type ansettelse
Prosjekt, deltid 75%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 6. juli
Det er ledig 75% prosjektstilling som skulebibliotekkoordinator i Stord kommune, eit samarbeid mellom Stord folkebibliotek og skulane i kommunen frå 11.08.2025 til 11.06.2026. Arbeidsstad Stord folkebibliotek og skulane i Stord kommune. Stord folkebibliotek ligg i Stord kulturhus, saman med eining for kultur, symjehallen og kulturskulen.
Me søkjer deg som har kunnskap om skulebiblioteket og engasjement for formidling av bøker både for barn og vaksne. Stillinga rettar seg mot skulebibliotekarene og lærarkollegiet på skulane, og veiledning av desse for å styrkja skulebiblioteka i kommunen. Det ligg føringar i prosjektet for kva tiltak som skal settast i gang i kommunen under prosjektperioden, og arbeidsoppgåvene vil vera varierte.
Arbeids- og ansvarsområde:
-
Koordinering av tiltak som skal gjennomførast i alle skular i samband med prosjektet
-
Hovudansvar for avvikling av prosjektet
Arbeidstid kvardagar 08.00-15.30, fri alle helgar og alle skuleferiar
Kvalifikasjonskrav:
-
Godkjent utdanning innan skulebibliotekkunnskap, eller erfaring med tilsvarande arbeid
-
Gode kunnskapar om offentleg skule og lesinga sin verdi i skulen
-
Skriftleg og munnleg formidlingsevne
-
Førarkort klasse B og eigen bil
Personlege eigenskapar:
-
Me søkjer deg som brenner for skulebibliotektenesta, og kan tenke deg å jobba målretta med denne eit skuleår
-
Du kan gjerne vere nyutdanna
-
Du er sjølvstendig, utåtvend og allsidig.
-
Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og trivst med å arbeida med menneske
-
Du har godt humør og positiv serviceinnstilling
Personlege eigenskapar vert vektlagt
Me kan tilby
-
Godt arbeidsmiljø
-
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøya med båt og utleige av tilhengarar mm.
-
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
-
Offentleg tenestepensjon i Storebrand
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Nærare opplysningar hos biblioteksjef Elin Mariboe tlf. 905 91 433 eller kultursjef Anne Lene Østvold Jordåen tlf. 480 43 386.
Kontaktperson for stillingen
Elin Mariboe
Biblioteksjef
90591433
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Vestland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og barnehagelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3f2525d9-6c0d-4889-a4aa-12add2bc85c4
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
3f2525d9-6c0d-4889-a4aa-12add2bc85c4