Hopp til innhold

Sjukepleiar/vernepleiar

Arbeidsgiver

Toloheimen langtidsavdeling

Sted

Nedre Norheim 44, 5600 Norheimsund

Om jobben

Oppstart
31. august 2026
Stillingstittel
Sjukepleiar/vernepleiar
Type ansettelse
Vikariat, deltid 80%
Arbeidstid
Turnus

Søk på jobben

Søk senest søndag 6. september


I langtidsavdeling for personar med demens ser me etter deg som brenn for demensomsorg, miljøterapi og som er god på kommunikasjon.

  • Me søkjer vernepleiar eller sjukepleiar i 80% vikariat
  • Vikariatet er ledig frå snarast/etter avtale 
  • Stillinga er i turnus og med langvakter kvar 4. helg

Toloheimen langtidsavdeling for menneske med demenssjukdom er lokalisert i Norheimsund, har 16 langtidplassar og er delt inn i to arbeidsgruppergrupper med 8 pasienter i kvar gruppe. Personalgruppa vår er stabil og rik på kompetanse som legg stor vekt på å skapa ein roleg og fin atmosfære for bebuarane hjå oss.

Me stiller ekstra krav til godt språk og gode kommunikasjonsevner for dei som vert tilsett hos oss

Vil du vite meir om oss les her: Toloheimen langtidsavdeling


Arbeidsoppgåver

  • Oppgåver knytt til pasientoppfølging 
  • Medisinske prosedyrar 
  • Koordinering av pleieplanar 
  • Oppfølging av ADL/IPLOS og ernæring
  • Miljøarbeid med fokus på fysisk aktivitet og trivsel

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
  • Nyutdanna eller snart ferdig utdanna vernepleiar/sjukepleiarar oppfordrast til å søkja
  • Har du vidareutdanning i demens/geriatri og/eller erfaring frå arbeid på demensavdeling blir dette lagt vekt på
  • God kommunikasjonsevner
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • Du må kunne arbeida sjølvstendig
  • Gode samarbeidsevner
  •  

    Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Helse og omsorgslova. Denne skal ikkje leggast ved søknaden, men må leverast til leiar før oppstart i stillinga. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar. 

    Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter.

Personlege eigenskapar

  • Interesse for fagfeltet demens/geriatri
  • Engasjert og positiv
  • Kunna formidla empati, visa respekt og omsorg
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Er positiv og bidrar til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Trivelege kollegaer i eit tverrfagleg arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønnssystem
  • Som sjukepleiar/vernepleiar i heil stilling får du rekrutteringstillegg kr 40 000,- pr år (forhaldsmessig ved deltid)
  • Gode pensjons-/ og forsikringsordningar


Generell informasjon:

  • Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka
  • I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
  • Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.   

Kontaktinformasjon

Anne Berit Torsvik, Gruppeleiar langtidsavdeling for personar med demens, +47 993 49 586

Arbeidsstad

Nedre Norheim 44
5600 NORHEIMSUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kvam herad

Referansenr.: 5164726628
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Startdato: 31.08.2026
Sluttdato: 31.08.2027
Søknadsfrist: 06.09.2026

Kontaktperson for stillingen

Anne Berit Torsvik

Gruppeleiar langtidsavdeling for personar med demens

+47 993 49 586

Om bedriften

Oppdag Kvam - framtida er her!
Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.

Naturopplevingar og aktivitetar
Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.

Ein kommune for framtida
Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Kvam vidaregåande skule og kulturhus opna i januar 2026 og ligg i Norheimsund sentrum. Skulen har fagtilbod innan yrkesfag og studiespesialiserande linjer. I samme bygg finn du vaksenopplæringa, Kvam kino, folkebibliotek og skulebibliotek. 

Eit variert næringsliv
Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid. 

Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam - i hjarta av Hardanger! Les meir

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

3ef42400-fe21-435b-b19c-864318c78c95

Sist endret

19. august 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

a3546a1469b647fdb47caefdca8bbcfc

Lignende annonser

Laster lignende annonser