Sjukepleiar
Åse hotell, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Oppstart
5. januar 2026
Type ansettelse
Fast, deltid 50%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 24. oktober
Vil du bli ein del av arbeidskvardagen ved Åse Hotell, pasienthotellet i Ålesund?
Vi har ledig ei fast 50% stilling frå 05.01.2026.
Åse Hotell er ein liten og triveleg arbeidsplass med godt arbeidsmiljø. Dersom du ønsker ein variert kvardag saman med kjekke kollegaer, kan det hende du er den rette kandidaten for oss!
Med oss møter du pasientar frå ulike avdelingar på sjukehuset, pasientar til poliklinisk behandling og andre gjestar. Nokre pasientar treng oppfølging frå sjukepleiar og andre ikkje. Dagane og oppgåvene er varierte og det er ein fordel om du har erfaring med ulike pasientgrupper, då ein ofte er einaste sjukepleiar på vakt. Dette er ein meiningsfull jobb, der det er viktig å skape tryggleik og trivsel for både pasientar og gjestar.
Stillinga inneber hovudsakleg arbeid på kveldstid, men det inngår også enkelte dagvakter som del av turnusordninga. Hotellet er ein liten arbeidsplass, og vi er avhengige av fleksibilitet i bemanninga. Difor ønsker vi at du kan stille opp ved behov, også til ekstra vakter på dagtid, kveldstid og natt.
Hotellet har drift måndag til fredag og held stengt i helger og på høgtidsdagar. Det er for tida ikkje lagt opp til fast helgearbeid, men arbeid på enkelte heilagdagar kan førekomme.
Arbeidsoppgåver
- Handtere resepsjon/booking
- Oppfølging av pasientar
- Samarbeid med andre seksjonar
- Tett samarbeid med andre tilsette rundt daglege oppgåver
Kvalifikasjonar
- Autorisert sjukepleiar, gjerne med somatisk erfaring
- Sjukepleiarar med høgare kompetanse kan vurderast i særskilte tilfeller
- Beherske dataverktøy godt
- Beherske norsk språk munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du vil vere med å utvikle hotellet vidare
- Du er positiv og god på samarbeid
- Du kan jobbe sjølvstendig og ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Du er nøyaktig, fleksibel, utadvendt, serviceinnstilt og trivast i eit lite miljø
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.Kontaktinformasjon
Julianne Reitan Hagerup, Seksjonsleiar, +47 41310694, julianne.reitan.hagerup@helse-mr.noArbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5023725696
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 05.01.2026
Søknadsfrist: 24.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3ee8f7e4-0ec0-4cf2-aeb7-bdc166bbee46
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f46aa0864d1841879507b6b6ce6fa55b