Sjukepleiar
Kirurgiske poliklinikker SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Opdølvegen 4, 6450 Hjelset
Om jobben
- Oppstart
- 4. januar 2027
- Stillingstittel
- Sjukepleiar
- Type ansettelse
- Fast, deltid 80%
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest mandag 23. november
Vil du bli spesialist på eit felt i rivande utvikling og jobbe i ein strukturert poliklinisk kvardag? Vi søker ein engasjert sjukepleiar som ønsker å videreutdanne seg til uroterapeut, med full økonomisk støtte frå seksjonen.
Kirurgiske poliklinikkar har stor aktivitet og behandlar pasientar med eit bredt spekter av lidingar i urinveiane. Uroterapi er ein heilt sentral del av vårt polikliniske tilbod, og vi ønsker no å styrke teamet vårt med ein framtidig fagspesialist.
Vi tilbyr ei 80 % fast stilling som sjukepleiar hos oss, med ein integrert utdanningsavtale for videreutdanning i uroterapi (60 studiepoeng, deltid over 2 år, med oppstart haust 2027 i Bergen). Seksjonen dekker studieavgift, reiseutgifter til samlingar og gir tilrettelagt permisjon med lønn på studiedager etter avtale.
Vi tilbyr:
- Ei fullfinansiert videreutdanning i uroterapi (studieavgift, litteraturstøtte og reisedekning).
- Arbeidstid hovedsakeleg på dagtid (mandag–fredag).
- Ein tilrettelagt studiekvardag der seksjonen legg til rette for samlingar og studiedager.
- Eit sterkt fagmiljø med fokus på kompetanseheving, kvalitet og godt arbeidsmiljø.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom sjukehuset.
Praktisk informasjon om utdanningsavtalen:
Utdanninga gjennomførast som eit deltidsstudium over 2 år. Det vil bli oppretta ein formell utdanningsavtale mellom sjukehuset og den som tilsettast. Avtalen inneber økonomisk støtte og permisjon under studietida, mot ei bindingstid på 2 år i 80 % stilling ved poliklinikken etter fullført utdanning.
Tilsetting etter avtale med leiar. Aktuelle kandidatar kan bli kontakta fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Assistanse ved polikliniske undersøkingar og inngrep (f.eks. cystoskopi, biopsier og enkle operasjoner).
- Sjølvstendige sjukepleiarkonsultasjonar, inkludert oppfølging av kreftpasientar, kateterskift og skylleregimer.
- Tverrfagleg samarbeid med urologar og andre faggrupper.
- Når studiet er gjennomført, vil du få eigne uroterapeutiske konsultasjonar med ansvar for utgreiing av inkontinens, blæretrening, urodynamiske undersøkingar og opplæring i RIK/KIK.
Kvalifikasjonar
- Har norsk autorisasjon som sjukepleiar (gjerne med erfaring frå poliklinikk eller urologi, men opplæring vil bli gitt).
- Har ei genuin interesse for urologifaget, kontinensutgreiing og pasientundervisning.
- Trivst med høgt tempo og raske pasientutskiftingar, men samstundes har evne til å skape tryggheit i sårbare situasjonar.
- Er strukturert, løysingsorientert og trivst med stor grad av sjølvstendigheit i arbeidet.
Personlege eigenskapar
Vi søker deg som:
- Er fagleg engasjert og ønsker å utvikle deg
- Er strukturert, ansvarsbevisst og håndterar ein variert arbeidskvardag
- Trivst med samarbeid og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Er fleksibel og løysingsorientert
- Har gode kommunikasjonsevne og set pasienten i sentrum
- Personlig eignaheit for stillinga vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Ida Gule, Seksjonsleiar, +47 95940303, Ida.Gule@helse-mr.noArbeidsstad
Opdølvegen 46450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5200907849
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 04.01.2027
Søknadsfrist: 23.11.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3eccd5a6-b9e2-401d-94ed-5570c8bd6c5d
- Sist endret
10. november 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
87b61e93b23f42b696ed3700f7baec89