Lagleiar og trafikkdirgent
Søvik & Ramstad AS
Haugesund, Karmøy, Suldal, Tysvær, Vindafjord, Etne, Ullensvang, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Trafikkdirigent (manuell)
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Annet, heltid 100%
Arbeidstid
Skift, dagtid, kveld og natt, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Send søknad til
Søvik & Ramstad AS søker fleire tilsette grunna auka oppdragsmengde
Me har ledige stillingar som lagleiar og har også behov for ein trafikkdirigent. Oppstart kan skje umiddelbart, så dersom du er klar til å byrje i arbeid med ein gong, vil me gjerne høyre frå deg. Det er viktig at du kan kommunisere godt både skriftleg og munnleg på norsk.
LagleiarSom lagleiar har du ansvar for å leie og koordinere eit lag med trafikkdirigentar, i tillegg til å delta i det praktiske arbeidet. Du dirigerer trafikk, varslar trafikanter og sikrar arbeidsområde. Arbeidet omfattar også loggføring, utstyrsvedlikehald og andre oppgåver ved behov. Førarkort klasse B er eit krav, og det er ein fordel dersom du også har klasse BE.
TrafikkdirigentErfaring er ein fordel, men ikkje eit krav - me sørgjer for at du får all nødvendig opplæring. Me organiserer kurs i Arbeidsvarsling 1 og 3. Førarkort klasse B er eit krav, og det er ein fordel dersom du også har klasse BE.
Kva me tilbyr• Ein variert arbeidskvardag
• Eit godt arbeidsmiljø
• Løn og vilkår i tråd med tariffavtale
Arbeidsområdet vil hovudsakleg vere i Etne, Røldal, Suldal og Haugalandet.
Arbeidsoppgåver for trafikkdirigentar• Manuell trafikkdirigering
• Ledebilkjøring
• Oppsetting, kontroll og nedtaking av mellombels skilting
• Flytende norsk, muntleg og skriftleg
Arbeidet skjer som oftast i samband med planlagde vegarbeid, men me rykker også ut ved akutte situasjonar som flaum, ras eller andre hendingar som påverkar framkomst på vegen.
Er du klar til å bli ein del av vårt team? Send oss di søknad i dag!
Rina - rina@sovik-ramstad.no
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Søvik & Ramstad AS -- din pålitelege samarbeidspartnar innan trafikkavvikling, arbeidsvarsling, skogsarbeid og vegvedlikehald. Sidan etableringa i 2022 har vi levert trygge og effektive løysingar for både offentlege og private kundar - med ein stadig veksande portefølje og eit sterkt fokus på kvalitet i alle ledd.
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3e946fb7-304b-43c2-b235-c5b8c5c16803
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
3e946fb7-304b-43c2-b235-c5b8c5c16803