Stranda kommune søkjer fastlegar - Fast stilling og vikariat
Helsetenesta, Stranda kommune
Øyna 13, 6200 Stranda, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Ledig fastlege/ALIS
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 9. oktober
Kvifor velge Stranda ?
Stranda kommune ligg vakkert til mellom fjord og fjell på Sunnmøre. Her finn du eit unikt samspel mellom faglege utfordringar og naturbaserte fritidsaktivitetar – perfekt for deg som ønskjer ein balansert og meiningsfull kvardag.
Vi har ledig ei fast stilling med oppstart etter avtale, og fleire vikariat (svangerskap- og utdanningsvikariat) frå 1. november 2025 til hausten 2026 med moglegheit for forlenging.
Vi søkjer deg som er spesialist i allmennmedisin eller lege i spesialisering (ALIS).
Legestillingane er fastløna og alle ved kontoret er kommunalt tilsett.
Listetak på 750 pasientar for spesialistar i allmennmedisin og 600 pasientar for ALIS.
Vi har i dag 7 legeheimlar og 1 LIS1-stilling og vi nyttar journalsystemet PasientSky.
Kvifor velge Stranda legekontor?
- Legekontoret er veldrive
- Godt og inkluderande arbeidsmiljø med erfarne kollegaer
- Variert arbeidskvardagar med allmennmedisinske utfordringar
- Fastløn og 15 % omsetningsløn
- Normal arbeidstid: 37,5 timar pr. veke
- Det er lagt til rette for heimekontor/administrativ dag.
- Internundervisning og «opa-dør»-prinsipp
- Moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
- Kommunen dekkjer kursutgifter og legg til rette for spesialisering, som ikkje blir dekka av utdanningsfond II
- Kommunen er godkjent utdanningsverksemd
- ALIS-avtale med oppfølging av erfarne rettleiarar
- Til stillinga er det offentleg legearbeid med inntil 7,5 timar pr. veke
- Deltaking i interkommunal legevakt (primært laurdag og søndag dagtid), timeløn som sjølvstendig næringsdrivande
- Vi er behjelpeleg med å finne bolig
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Natur, fjord, fjell rett utanfor døra – perfekt for friluftsliv og rekreasjon
Legevaktordning
- Interkommunal legevakt med 3 fast tilsette legevaktslegar og hjelpepersonell
- Fastlegar deltek primært i vakt laurdag og søndag kl. 08:00–16:00
- Legevakta er timeløna som sjølvstendig næringsdrivande
- Pr. no 10-delt turnus
Kvalifikasjonar
- Søkjarar må ha norsk autorisasjon som lege
- Søkjarar må kunne uttrykke seg godt på norsk, munnleg og skriftleg
- Førarkort for personbil
Personlege eigenskapar
- Tålmodig, trygg og roleg, omgjengeleg og serviceinnstilt
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- Fleksibel
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Aktuelle søkjarar kan/ vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot.
Vitnemål og attestar skal takast med ved eit eventuelt intervju. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort.
Kontaktinformasjon
Josefine Gjerde, Einingsleiar helsetenesta, +47 46411089Inge Settemsdal, Tillitsvalt NLF, 46411094
Arbeidsstad
Øyna 136200 Stranda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stranda kommuneReferansenr.: 5020447225
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.10.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Inge Settemsdal
Tillitsvalt NLF
46411094
Josefine Gjerde
Einingsleiar helsetenesta
+47 46411089
Om bedriften
Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter.
Stranda kommune er i sentralitetssone 5 og har makspris kr 700,- pr. mnd for full barnehageplass.
Bur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Over tid kan du spare fleire hundre tusen kroner. Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt.
I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt.
Offentleg tenestepensjon for nytilsette
Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3e2d7586-1ad7-4a4d-9e36-2b3cb282de9d
- Hentet fra
talentech
- Referanse
6aebf514c0174da6a08229ea0a116be5