Helgestiling på natt
Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester
Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Fast, deltid 28%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 2. oktober
Tilrettelagte tenester vaksne, for tida ved avdeling Bjørnefjorden Bufellesskap, har ledig omlag 28% helgestilling på natt.
Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune gjev tenester til born og vaksne med ulike funsjonsnedsettingar. Tenestene består av 9 bufellesskap, 2 dagsenter og avlastning for born og unge. Bjørnefjorden bufellesskap ligg nokre minutt i frå Os sentrum, og gjev tenester til 12 vaksne bebuarar.
Arbeidsoppgåver
Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på god livskvalitet, brukermedvirking og førebygging. "Kva er viktig for deg", skal spegla seg i ord og handlingar og stå
sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar. Vi skal sikre at kvar enkelt får den bistand vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar.
Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.
Stillinga er i turnus på natt med arbeid kvar 3. helg.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som har relevant helse, sosialfagleg eller pedagogisk utdanning på fagarbeidarnivå - fortrinnsvis helsefagarbeidar. Er du student innan helse, sosialfagleg eller pedagogisk utdanning er du ôg velkomen til å søkje.
Det er ønskjeleg med erfaring i frå målretta miljøarbeid med personar med utviklingshemming, men erfaring i frå eldreomsorg eller psykisk helsearbeid vil også kunne vere relevant.
Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk.
Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mulig kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar.
Det vert lagt stor vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Vi tilbyr:
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar. Studentavlønning for relevant utdanning
Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.
Etter utløp søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anordninga ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3df03f9c-5ffb-478e-8b13-20ab151e878d
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3545123_196017_nn