Koordinator for integrering og inkludering av flyktningar
Hemsedal kommune Oppvekst og kultur
Hemsedalsvegen 2889, 3560 Hemsedal
Om jobben
- Stillingstittel
- Koordinator for integrering og inkludering av flyktningar
- Type ansettelse
- Prosjekt, deltid 30%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest mandag 10. november
Det vil i løpet av prosjektperioden vurderast om stillinga skal utvidast med ytterlegare to år, men stillinga vil ikkje bli oppretta i det heile dersom den ikkje blir vedteken politisk i budsjetthandsaminga i desember 2025.
Om stillinga
Hemsedal kommune har vedteke ein ny handlingsplan for integrering og inkludering av flyktningar for perioden 2025–2028. I samband med dette søkjer vi ein engasjert og strukturert medarbeidar til ei stilling som koordinator for integrering og inkludering. Stillinga skal bidra til heilskapleg oppfølging av flyktningar og sikre god samhandling mellom tenester og aktørar.
- Koordinere og følge opp tiltak i handlingsplanen for integrering og inkludering
- Vere bindeledd mellom integreringstenesta, NAV, skule, barnehage, helse, kultur og frivillige
- Kartlegge behovet for flyktningeguider og gjera ordninga operativ
- Bidra til utvikling av praksisplassar og arbeidsinkludering i kommunen
- Legge til rette for deltaking i fritidsaktivitetar og frivillig arbeid
- Sikre at Fritidserklæringa blir etablert
- Følge opp budsjettarbeid og rapporteringar på området
- Rapportere til kommunalsjef
- Skrive notat/saker til politisk behandling på tema
- Assistent, fagarbeidar eller bachelornivå
- God lokalkunnskap
- Erfaring frå arbeid med integrering, flyktningar eller anna frivillig arbeid
- God kjennskap til offentleg forvaltning og kommunale tenester
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Strukturert, sjølvstendig og løysingsorientert
Personlege eigenskapar vil bli vektlagd.
Vi tilbyr- Ein meiningsfull jobb med stor samfunnsverdi
- Eit tverrfagleg og inkluderande arbeidsmiljø
- Moglegheit til å påverke og utvikle integreringsarbeidet i Hemsedal
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
Krav til helse- og vandelsdokumentasjon
Ved de fleste stellingar innan Oppvekst og kultur er det krav om politiattest og eigenmelding om Tuberkulose jf. Opplæringslova og Helse- og omsorgstenestelova. Du kan og bli pålagt å ta tuberkulose prøve om du har vært utsett for smitterisiko.
Krav til kompetansedokumentasjon
Det er krav om dokumentasjon og vitnemål frå tidlegare arbeidserfaring og utdanning for riktig innplassering i stillingskode, og fastsetting av lønn. Lønnsansiennitet blir satt til 0 år inntil dokumentasjon er levert og vurdert.
Vitnemål og attester skal lastas opp som en del av den elektroniske søknaden. Referansar vil bli innhenta.
Kontaktperson
Camilla Hille, Kommunalsjef Oppvekst og kultur, 977 57 207, camilla.hille@hemsedal.kommune.no
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3dc48f58-b9d7-4eb5-abc0-f307606a453d
- Sist endret
23. oktober 2025
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3555639_176541_no
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Hemsedal kommune Oppvekst og kultur
Sted
Hemsedal
Arbeidsgiver
Hemsedal kommune Oppvekst og kultur
Sted
Hemsedal
Pedagogisk konsulent
Arbeidsgiver
Pedagogisk-psykologisk Tjeneste Og Oppfølgingstj Nedre Hallingdal Iks
Sted
Gol