Hopp til innhold

Vil du være med å skape hverdagsmagi?

Arbeidsgiver

Storebø FUS barnehage as

Sted

Lindevika 8, 5392 Storebø

Om jobben

Oppstart
snarest eller 15.12.26
Stillingstittel
Fagarbeider/assistent i barnehage
Type ansettelse
Vikariat, deltid
Arbeidstid
Dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk senest fredag 6. november

I FUS har vi store ambisjonar – vi ønskjer å bli best på barnehage! Vi trur at nysgjerrige, trygge og leikne barn skapar framtida, og vi søkjer engasjerte assistent/fagarbeidar som vil vere med på denne reisa.

Er du engasjert? Tar du initiativ? Samarbeider du godt med andre? Snakkar du med barn på ein open, ærleg og tydeleg måte?

Verdset du kunnskap? Er du trygg på eigen kompetanse og erfaring? Søker du fagleg råd og rettleiing i utfordrande situasjonar? Verdset du andre sin kunnskap og lærer av andre?

Er du reflektert? Er du medviten om di vaksenrolle og barnet si rolle? Evnar du å sjå deg sjølv og utfordrande daglegsituasjonar i eit heilskapsperspektiv og finn løysingar på utfordringar?

Ja? Då er du kanskje den vi ser etter!

Storebø FUS barnehage er ein base barnehage med ca 75 plassar. Me ligg i nærleiken av butikk, ASV og ungdomsskulen. Hovudfokuset vårt er på leik og relasjonar. Målet vårt er å skapa ein trygg kvardag fylt av leik, glede og utviklingsmoglegheitar for barna. I barnehagen vår er det trygge tilsette med god kompetanse, glød og engasjement som ser barna og byggjer vidare på innspela deira. Me treng dyktige medarbeidere for heltids og deltids vikariat ut barnehageåret (15.12.26-31.07.27) og med moglegheit for oppstart snarest.

Vi tilbyr:

  • Ein variert og aktiv kvardag
  • Moglegheit for å bidra med eigne relevante ferdigheiter eller interesser
  • Moglegheit for å bidra til vidare utvikling av barnehagen
  • Moglegheita for å bli ein del av ein kjede med stort fagleg fokus
  • Godt samarbeid med andre FUS-barnehagar i eit av Noregs største private barnehagenettverk
  • Gode løns- og pensjonsvilkår
  • Eigne FUS-klær

Arbeidsoppgåver:

  • Delta i planlegging, gjennomføring, dokumentering og evaluering av det pedagogiske arbeidet
  • Bidra til å sørgje for den heilskaplege omsorga av det enkelte barnet og barnegruppa
  • Bidra til å utvikle det fysiske og psykososiale barnehagemiljøet

Vi ønskjer at du:

  • Er samarbeidsvillig og kan løyse utfordringar saman med andre
  • Er tilpassingsdyktig – du trivst i ein variert kvardag, er fleksibel og løysingsorientert i møte med barn, foreldre og kollegaer
  • Er påliteleg og ansvarsmedviten

Søkjarar vil bli vurdert i forhold til personleg eignaheit, i tillegg til kompetanse og erfaring. FUS har eit mål om å vere ein barnehage prega av mangfald, der ulike perspektiv, erfaringar, bakgrunnar og evner bidrar til eit inkluderande fellesskap.

Tilsetjinga føreset godkjent politiattest i henhald til barnehagelova som må leverast før eventuell tiltreding i stillinga.

Kontaktperson for stillingen

Silje Solbakken

Dagleg leiar

97678047

dl.storebo@bhg.no

Om bedriften

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

3d9bd184-674d-42d8-bbbc-716da5eaa0d5

Sist endret

16. oktober 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

4b0b47eb49654916979aaacd042547b9

Lignende annonser

Laster lignende annonser