Hopp til innhold

Helsefagarbeidar til 100% fast stilling 

Arbeidsgiver

Helse Bergen HF

Sted

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Faste stillingar for helsefagarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
2
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 9. august

Helse Bergen treng fleire dyktige og engasjerte helsefagarbeidarar 

Haukeland universitetssjukehus er eit av landets største og mest avanserte sjukehus. Vi jobbar for å fremme helse og livskvalitet. Når du blir tilsett i Helse Bergen, er det viktig for både oss og deg at du får ein trygg og god start. ​Vi tilbyr deg ein arbeidsplass med høg fagleg standard og moglegheiter for å vidareutvikle kompetansen din.

Vi har ledige stillingar ved desse avdelingane:


Oppgi øverst i søknaden kva stilling(ar) du søker i prioritert rekkefølge. Kandidatar kan bli innkalt til intervju undervegs i prosessen.
Det er krav om Norsk autorisasjon ved oppstart i stillinga. 


    Arbeidsoppgåver

    Seksjon for infeksjonssjukdommar - Medisinsk Overvakingseining (MOE), post 6 er ein av to infeksjonspostar på sjukehuset og er akuttpost der vi behandlar mellom anna inntil 10 pasientar med alvorlege medisinske tilstandar som blodforgifting, hjernehinnebetennelse, respirasjons- og sirkulasjonsforstyrringar. Vi behandlar også ulike infeksjonar som diaré, sår, tropesjukdommar, immunsvikt, influensa og infeksjon på hjarteklaffar. Sengene våre er fordelt på fire einerom, eit tomannsrom og fire sengar på ei overvakingsstove. Vi har og to luftsmitteisolat. Pasientromma våre har slusesystem, som gjer at dei fleste romma kan bli brukt som isolat.
    Kontakt: Hilde M. Dale, Tlf. 90500928.

    Avdeling for Fysikalsk medisin og ReHabilitering (AFMR), Post 2 har ledig 100% fast stilling i 2-delt turnus og arbeid 3. kvar helg. ReHabiliteringsklinikken held til på Nordås, i nærleiken til Lagunen Storsenter. Her greier vi ut og behandlar menneske med medfødde og erverva skadar og sjukdom.
    På Nordås er det 33 døgnplassar, og dei fleste pasientane blir overført til oss tidleg etter skade eller sjukdom, som ein del av akuttforløpet i Helse Bergen. Som helsefagarbeidar her får du arbeide helhetlig både med komplekse medisinske problemstillingar, og spesialisert rehabilitering i ein tidleg fase. Kvardagen ved sengeposten er variert og innhaldsrik og ein arbeider tett med andre faggrupper.
    Kontakt: Anja Margrethe Jordal, Tlf. 55918425.

    Arbeidsoppgåver
    • Omsorg og oppfølging av pasientar
    • Samarbeid med sjukepleiar/legar og anna helsepersonell for å sikre heilhetleg behandling
    • Rettleiing og støtte til pasientar, pårørande og lærlingar
    • Bidra til eit positivt arbeidsmiljø og fagleg utvikling i teamet
    Kvalifikasjonar:
    • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
    • Erfaring frå sjukehus er ein fordel, men ikkje eit krav
    • Gode kommunikasjonsevner og evne til å arbeide i team
    • Engasjement for pasientbehandling og kontinuerleg læring
    • Meistre norsk skriftleg og munnleg på B2 nivå eller tilsvarande
    Vi ser etter:
    • Vi søker etter engasjerte medarbeidarar som har evne til å arbeide systematisk og målretta
    • Personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa er ein føresetnad. Du må vere fleksibel og ha gode samarbeidsevner, men må også kunne jobbe sjølvstendig
    • Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar, empatisk og omsorgsfull, med evne til å sette pasientane i fokus
    Vi tilbyr:
    • Spennande arbeidsoppgåver med moglegheit for vidareutdanning
    • Ein arbeidsplass med høg fagleg standard, eit tverrfagleg arbeidsmiljø med fokus på fagleg og personleg utvikling
    • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar
    • Du vil inngå i drifta ved avdelinga
    • Du vil delta i eit tverrfagleg samarbeid om å gi pasientar og pårørande eit best mogleg opphald på avdelinga


    Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

    Kontaktinformasjon

    Sjå kontaktperson, oppgitt for den enkelte avdelinga

    Arbeidsstad

    Haukelandsveien 22
    5021 Bergen

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

    Referansenr.: 5155137817
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 09.08.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Sjå kontaktperson

    oppgitt for den enkelte avdelinga

    Om bedriften

    Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
    Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    3d776481-c06f-4f8f-b632-d70e6cfc1221

    Sist endret

    20. juli 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    ceffced0e101496ca689b0dd626b5eb0

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser