Hopp til innhold

Vi søkjer ambulansearbeidar/paramedisinar til fast stilling

Arbeidsgiver

Prehospital avdeling - Helse Fonna HF

Sted

Åbødalsveien 79, 4200 Sauda, Åkravegen 47, 4270 Åkrehamn, Tysevegen 64, 5416 Stord

Om jobben

Stillingstittel
Ambulansearbeider/ paramedisiner
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
4
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest torsdag 26. november

🚑 Vil du ha ein fast jobb i ambulansetenesta og bli ein del av eit moderne og framtidsretta fagmiljø?

Helse Fonna si ambulanseteneste består av 10 ambulansestasjonar og har eit sterkt fokus på fagleg utvikling, samarbeid og kvalitet i pasientbehandlinga.
Hos oss får du arbeide i eit spennande og variert fagmiljø saman med dyktige og engasjerte kollegaer. Du blir ein del av ei teneste der kompetanseutvikling, læring og kontinuerleg forbetring står sentralt – og der du får vere med på å forme framtidas ambulanseteneste.

Vi har no ledige faste stillingar ved ambulansestasjonane på Karmøy, Stord og Sauda. Stillingane varierer i storleik frå 63 % til 100 %. Vi oppmodar kvalifiserte søkjarar til å søkje, og ber om at det blir opplyst i søknaden kva stasjon(ar) det er ønskjeleg å arbeide ved

 💙 Vi ser etter deg som ønskjer ein meiningsfull jobb, trivst med ansvar og vil gjere ein forskjell for pasientane – kvar einaste dag.

👉 Kjenner du deg igjen? Då håpar vi å høyre frå deg! Send inn søknaden din i dag.


Kva går jobben ut på?

  • Behandling og transport av pasientar.
  • Bidra til fagleg utvikling og halde ved lag og vidareutvikle eigen kompetanse.
  • Opplæring og rettleiing av lærlingar, studentar og hospitantar.
  • Jobbe på fleire ambulansestasjonar i føretaket ved behov.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Autorisasjon som ambulansearbeider eller paramedisiner
  • Sertifikat kode 160 og C1. Dersom søkjar ikkje har C1 må det takast innan 6 månader etter oppstart.
  • Bestått fysisk test.
  • Grunnleggjande datakunnskapar.
  • På grunn av beredskap, kan lokal tilhøyrighet verta vektlagt.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som:

  • Jobbar godt sjølvstendig når situasjonen krev det, og samtidig trivst i tett samarbeid med andre
  • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø ved å dele kunnskap og støtte kollegaene dine
  • Kommuniserer tydeleg og møter pasientar, pårørande og kollegaer med respekt
  • Tek initiativ, ser kva som må gjerast og bidreg der det trengst
  • Har engasjement for faget og ønskjer å utvikle deg vidare

Personlege eigenskapar blir vektlagt.

Kvifor skal du velje oss?

  • Ein fast jobb i ei teneste i utvikling
  • Forutsigbar turnus og fast oppmøtestad
  • Ein variert arbeidsdag på tvers av fleire ambulansestasjonar
  • Bli ein del av eit sterkt fagmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
  • Ein meiningsfull jobb der du får bruke kompetansen din i krevjande og varierte situasjonar
  • Me kan tilby eit spennande arbeid i ei teneste i utvikling på ein stasjon med godt arbeidsmiljø.
Dersom du søkjer om fortrinnsrett, må dette oppførast i søknaden. Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter. Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Kontaktinformasjon

Tore Samdal Lund, Funksjonsleiar, tore.samdal.lund@helse-fonna.no
Geir Røssland, Funksjonsleiar, geir.rossland@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Tysevegen 64
5416 Stord

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5208541042
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.11.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Tore Samdal Lund

Funksjonsleiar

tore.samdal.lund@helse-fonna.no

Geir Røssland

Funksjonsleiar

geir.rossland@helse-fonna.no

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

3d67dadb-7171-4d80-897d-7baf2a53842a

Sist endret

13. november 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

b6317d08e35e485abe364bb7902202d0

Lignende annonser

Laster lignende annonser