Kommunalsjef sektor samfunnsutvikling
Alver kommune
Kvernhusmyrane 41, 5914 Isdalstø, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Kommunalsjef sektor samfunnsutvikling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 28. september
Om stillinga og Alver kommune
Alver kommune er ein attraktiv vekstkommune med over 30 000 innbyggarar. Alver grensar til storbyen Bergen. Med Mongstad som eitt av Noregs største næringsområde og ei sentral plassering i regionen, har vi eit unikt utgangspunkt for vidare utvikling. Vi står no midt i ei spanande omstillings- og endringsprosess for å sikre ein berekraftig økonomi og gode tenester for innbyggjarane våre. No søkjer vi ein strategisk og engasjert leiar som vil vere med å forme framtidas Alver.
Som kommunalsjef for samfunnsutvikling får du det overordna ansvaret for samfunnsutviklingssektoren. Dette omfattar plan, byggjesak, eigedom, næring, kultur, teknisk drift, brann og redning, landbruk, miljø samt vatn og avløp. Stillinga er del av toppleiargruppa til kommunedirektøren, og du får ei nøkkelrolle i å utvikle både tenestene, organisasjonen og heile kommunen.
Dine hovudoppgåver
- Lede og vidareutvikle samfunnsutviklingssektoren med breitt fagleg ansvar.
- Bidra strategisk til kommunens omstillingsarbeid og sikre ein berekraftig økonomi.
- Leggje til rette for lokal nærings- og samfunnsutvikling i tråd med samfunnsdelen i kommuneplanen.
- Ta initiativ til og leie utviklingsprosessar innan fag og organisasjon.
- Sikre godt samarbeid med innbyggjarar, næringsliv, folkevalde, regionale og statlege aktørar.
- Ha overordna personal-, fag- og økonomiansvar, inkludert budsjettoppfølging og kontinuerleg tenesteforbetring.
- Bidra til positiv omdømmebygging og synleggjering av Alver kommune som ein attraktiv samfunnsaktør.
Vi ser etter deg som har
- Relevant høgare utdanning. Særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- Solid leiarerfaring frå komplekse organisasjonar, gjerne offentleg sektor.
- Dokumenterte resultat frå endrings- og omstillingsprosessar.
- Erfaring med politiske prosessar og samspel mellom administrasjon og folkevalde.
- God økonomiforståing og erfaring med mål- og resultatstyring.
- Kjennskap til relevant lovverk, samfunnstryggleik, beredskap og digitalisering.
- Erfaring med strategisk kommunikasjon og mediehandtering
Kven er du?
Vi ser etter ein inkluderande og tillitsskapande leiar som:
- Er strategisk, analytisk og heilskapleg i tenkinga.
- Har høg gjennomføringsevne og handterer komplekse oppgåver under press.
- Er ein dyktig kommunikatør og relasjonsbyggjar.
- Er innovativ, nytenkjande og opptatt av utvikling.
- Har høg integritet og god rolleforståing i det politisk-administrative landskapet.
Me tilbyr
- Ei sentral rolle i utviklinga av ein kommune i vekst og omstilling.
- Ein plass i ei toppleiargruppe prega av kompetanse, engasjement og høgt tempo.
- Varierte leiaroppgåver og strategisk påverknad.
- Konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår, gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP.
Fleksibel arbeidstid og gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
Me er Alver
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommuneKontaktperson for stillingen
Om bedriften
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3d26c640-f3a0-464c-b2b7-2f0a237b9865
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10260548