Sokneprest i Lister og Mandal prosti med Sirdal sokn som tenesteststad
Den norske kyrkja, Agder og Telemark bispedøme
Tonstadveien 25, 4440 Tonstad
Om jobben
- Stillingstittel
- Sokneprest i Lister og Mandal prosti med Sirdal sokn som tjenesteststed
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 16. august
Sirdal sokn arbeider for ei levande kyrkje kor me ynskjer større oppslutnad om gudstenestane for både barnefamiliar, ungdom og vaksne. Kyrkjelyden samarbeider med Tonstad bedehus og andre forsamlingar i dalen.
Sirdal sokn er samanfallande med Sirdal kommune. Soknet har fire kyrkjebygg: Tonstad kyrkje, Lunde kyrkje (20 km nord for Tonstad), Kvævemoen kapell (40 km nord for Tonstad) og Haughom kapell (10 km sør for Tonstad).
Sirdal sokn har 1378 medlemmer. Det utgjer 72,1 % av befolkninga.
Det er til saman ca. 4 årsverk i kyrkjelyden. Kyrkjeverje (100 %), organist/kantor (80 % frå 01.01.27) og to trusopplærarar (til saman 120 %). I tillegg tre kyrkjetenarar og ein reinhaldar i mindre stillingar. Det er høg trivsel og god kompetanse blant dei tilsette.
Frivillege deltek mellom anna som klokkar, kyrkjevert og tekstlesar. Det vert arbeidd aktivt for å engasjera fleire frivillege.
Kyrkjelyden har fast gjevarteneste til ungdomsarbeid og nytt kyrkjesenter. Ein satsar mykje på barne- og ungdomsarbeid, og kyrkjelydsarbeidarane samarbeider godt med skular og barnehagar. Kyrkja driv korarbeid for barn, ungdom og vaksne.
Soknerådet har diverse utval og komitear for ulike delar av kyrkjelivet.
Hausten 2026 flytter staben inn i nytt kyrkjesenter i nærleiken av kyrkja, og med Tonstad bedehus som nabo.
Arbeidsoppgåver
- førebu og forretta gudstenester og kyrkjelege handlingar
- ta del i konfirmasjonsundervisninga
- vera ein pådrivar i kyrkjelydens arbeid og medverka til å byggje engasjement i gudstenestene
- vera medlem av sokneråd, fellesråd, arbeidsutval og gudstenesteutval
- samarbeida med sokneråd, frivillige og andre tilsette om løysing av oppgåver
- ei tenesteveke i Flekkefjord kvar månad
- samarbeide med prestane i Flekkefjord om feriar og friverker
Kvalifikasjonar
- Cand.theol eller oppfyller kvalifikasjonskravet beskrive i tjenestordningen for kyrkjelydsprestar §3
- Praktisk teologisk utdanning
Personlige egenskaper
- evne til å arbeida sjølvstendig
- gode samarbeidsevner og fleksibilitet
- evne til å leie og arbeide i team med unge og eldre
- å vera personleg eigna vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Løn som sokneprest i stillingskode 1555
- Etter- og vidareutdanning
- Godtgjersle etter gjeldande satsar
- Medlemskap i kollektiv pensjonsordning KLP. Les meir om offentleg tenestepensjon på www.klp.no
- Arbeidsvegleiing (ABV)
For øvrig
- Den som blir tilsett må vere medlem i Den norske kyrkja
- Den som blir tilsett, må rette seg etter endringar i lovar, tariffavtalar, reglement m.m., samt avgjerder som kan påverke tenesta sine oppgåver, tenestestad og tenestedistrikt.
- Målformen er nynorsk.
- Søkjar bør ha førarkort klasse B og disponere bil.
- Det vil bli utarbeidd offentleg søkarliste etter offentleglova § 25, jf. kyrkjeordning for Den norske kyrkja § 42. Anmodning om å få sitt namn unntatt frå denne må grunngjevast i søknaden. Behandlingsgrunnlag etter personvernforordninga er artikkel 6 nr. 1 bokstav b og artikkel 9 nr. 2 bokstav b og g.
- Ved tilsetjing blir det teke atterhald om at den som blir tilsett kan leggja fram ein tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest).
Kontaktinformasjon
Lars Peder Holm, Personalsjef, 93080998, lh379@kirken.noGeir Ola Tveit, 95808836, geir.ola.tveit@lyngdal.kirken.no
Arbeidssted
Tonstadveien 254440 Tonstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Den norske kirkeReferansenr.: 5154886110
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.08.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Bilete: Tonstad kyrkje
Sirdal kommune er ein attraktiv kommune med sentral plassering.
Sirdal kommune har moderne skular og barnehagar og godt utbygd helsevesen.
Tonstad er kommunesenter. Det er videregåande skule med idrettsline på Tonstad.
Sirdal er ein kraft- og hyttekommune. Dei fleste hyttene er i Øvre Sirdal. Gode moglegheiter for friluftsliv sommar og vinter i skog og høgfjell.
Avstand til næraste byar: Sandnes/Stavanger 95 km, Flekkefjord 57 km, Egersund 55 km.
Sjå elles kommunens heimeside: sirdal.kommune.no og kyrkjelyden si heimeside sirdal.kyrkja.no
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3d2611e4-a183-4bce-bed9-7ba866b4b841
- Sist endret
20. juli 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9d52433147c94a8681930288f98ee562