Assisterande seksjonsleiar – vere med og forme nytt tilbod i Lokal Sikkerheit Rehabilitering?
Divisjon psykisk helsevern/ Klinikk sikkerheitspsykiatri/ Forsterka rehabilitering/ Forsterka utgreiing og rehabilitering, Helse Bergen HF
Sandviksleitet 1, 5036 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Assisterande seksjonsleiar – vere med og forme nytt tilbod i Lokal Sikkerheit Rehabilitering?
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 2. november
Vil du vere med og utvikle eit nytt behandlingstilbod innan psykisk helsevern?
Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen etablerer no ein ny lukka sengepost med 8 plassar i Sandvikenområdet – den første byggjesteinen i utviklinga av Program Psykisk helsevern for framtida -Nye Sandviken. Dette markerer starten på eit nytt kapittel for området, der vi skal utvikle eit langsiktig og heilskapleg tilbod til pasientar med samansette behov.
Sengeposten skal tilby behandling til pasientar med alvorlege psykiske lidingar, der nokre også har utfordringar knytt til vald og rus. Pasientane på dette behandlingsnivået vil ha behov for stabilisering og rehabilitering. Pasientgruppa vil vere samansett, og det faglege tilbodet breitt.
Vi søkjer no ein assisterande seksjonsleiar som ønskjer å vere med og bygge opp og utvikle tilbodet frå starten av.
Arbeidsoppgåver
- Saman med seksjonsleiar, medansvar for forsvarleg drift av seksjonen
- Saman med seksjonsleiar, medansvar for å utvikle det sjukepleie- og vernepleiefaglege arbeidet
- Saman med seksjonsleiar, medansvar for ivaretaking av personalet
- Saman med seksonsleiar, medansvar for arbeidstidsplanlegging og bemanning
- Ansvar for dag-til-dag styring i GAT
- Medansvar for godt samarbeid internt og med DPS og kommunale tenester
- Deltaking i avdelinga sitt leiarteam og vere stedfortredar for seksjonsleiar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Relevant vidareutdanning er ønskjeleg
- Erfaring frå sjukehus og/eller leiarstilling er ønskjeleg
- Erfaring frå samarbeid på tvers av etatar og yrkesgrupper er ønskjeleg
- Gode IKT-kunnskaper og interesse
- Vandelsattest må leggjast fram ved tilsetjing
Personlege eigenskapar
- Ansvarsbevisst og sjølvstendig
- Strukturert og fleksibel
- Gode kommunikasjonsevner
- Engasjert og pasientorientert
- Trivst med å jobbe i eit tverrfagleg team
Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr
- Moglegheit til å vere med frå starten og forme eit nytt behandlingstilbod
- Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit fagfelt med gode utviklingsmoglegheiter
- Moglegheit til å bidra til utvikling av miljøterapi og heilskaplege pasientforløp
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Barnehage i nærområdet, driven av Helse Bergen
- Arbeidsstad i Sandvikenområdet – Nye Sandviken
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Cecilie Engelsgjerd Eikestad, Seksjonsleiar, 55958878, cecilie.engelsgjerd.eikestad@helse-bergen.noMarthe Halvorsen Kjærstad, Konst. avdelingssjef, 90936016, marthe.halvorsen.kjærstad@helse-bergen.no
Susanne Karlsen, Konst. ass. avdelingssjef, 48110709, susanne.karlsen@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Sandviksleitet 15036 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5025345575
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.11.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3d121c5b-8fc7-41dd-989f-bbb2b79a46a2
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8fcdb10b1a694d7abb0a9337078a2a3c