Ferievikarar i pleie og omsorg
Bokn kommune Pleie- og omsorg
Boknatunvegen 37Bokn kommune, 5561 Bokn, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ferievikarar i pleie og omsorg
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 28. februar
Er du helsefagarbeidar/assistent/helsefagelev/sjukepleiarstudent eller liknande og kan tenkje deg å jobbe på ei lita,koseleg og nyoppussa sjukestove med flott sjøutsikt,trivelege bebuerar og dyktige, inkluderande kollegaer eller i Bu- og aktivitet? Då kan pleie- og omsorg på Bokn vere staden for deg!
Arbeidsdagane er varierte, då ein vekslar mellom å arbeide inne på sjukestova og ute i heimetenesta.
Me har behov for ferievikarar sommaren 2025 innanfor veke 26-33 og oppmodar deg som har interesse og engasjement for pleie og omsorg om å søkje!
Om arbeidsstadenPleie- og omsorg i Bokn Kommune består av heildøgnsomsorg i institusjon (Sjukestova), heimetenesta og Bu- og aktivitet. Det er 16 sengeplassar og 12 omsorgsbustadar som ligg i flukt med sjukestova og 3 leiligheitar som er tilknytta Bu- og aktivitet.
Avdelingane er lokalisert på Boknatun.
Arbeidsoppgåver i stillingaOrdinære pleie- og omsorgsoppgåver
Tillitsskapande miljøarbeid
KompetansekravRelevant fagbrev er ønskjeleg, men ikkje eit krav
Sertifikat klasse B er ein fordel
Gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskaparGode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig
Trivast med å arbeide med mennesker og yte omsorg
Evne til å motivere og engasjere
Handtere travle arbeidskvardagar
Personleg eignaheit vert sterkt vektlagd
Arbeidsgjevar tilbyrTilsetjing etter gjeldande lovar og tariffavtale
Dyktige, motiverte og inkluderande medarbeidarar
Søkjerar som kan arbeide minimum 4 veker vil bli prioritert ved tilsetjing
Kvar skal du sende søknaden?Søknaden skal sendast elektronisk via kommunen sitt rekrutteringssystem. www.bokn.kommune.no "ledige stillinger"
Attestar og vitnemål treng ikkje leggjast ved søknaden.
Det er krav om gyldig politiattest ved tilsetjing.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2816145
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3442725_241083_nn