Sokneprest i Jæren prosti med Bryne sokn som tenestestad
Stavanger bispedømmeråd
Brynevegen 9, 4340 Bryne, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sokneprest i Jæren prosti med Bryne sokn som tenestestad
Oppstart
1. mars 2026
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 5. oktober
Stavanger bispedømme søkjer sokneprest i 100 % stilling i Jæren prosti, med særskilt arbeidsområde i Bryne sokn. Bryne sokn ligg i Time kommune og Time kyrkjelege fellesråd. Bryne kyrkje er frå 1979 og er rehabilitert dei siste åra. Kyrkja ligg vakkert til midt i sentrum av Bryne. Bryne er senteret i kommunen og regionen. Det er kollektivknutepunkt med jernbane og buss. Her er eit aktivt og driftig næringsliv og kulturliv, med landbruket som den viktigaste drivkrafta.
Vi søkjer ein sokneprest som har gode evner til relasjonsbygging. Soknepresten vil arbeida saman med stab og sokneråd om kyrkjelydsbygging og gudstenesteutvikling.
Bryne er ein spennande plass å vera prest der det er mogleg å vera med å forma Bryne kyrkjelyd sin visjon om å vera den opne famns kyrkje, ei kyrkje for gode relasjonar, som er raus i sitt mangfald og tydeleg i si retning. Hovudmålsetjinga for Bryne kyrkjelyd er eit gudstenesteliv som engasjerer mange, at barn og unge er glade i kyrkja og Jesus, og at kyrkja er til stades i byen og verda.
Bryne kyrkjelyd har 7540 medlemmer, som er 65,9% av folketalet i soknet. Det er forordna gudsteneste kvar sundag og i høgtidene, i tillegg kjem nokre ekstra gudstenester med den misjonale satsinga som kallast Familiefokus.Bryne kyrkje er ein aktiv og stor kyrkjelyd med eit omfattande og variert gudstenesteliv, eit breitt barne- og familiearbeid, ungdomsarbeid, konfirmantarbeid, kor- og musikkliv, samt mange engasjerte frivillige. Her er svært gode samarbeidsforhold med stab, med kyrkjelyd, med skule, barnehage og lokalt foreiningsliv og kulturliv, samt dei andre kristne forsamlingane i Bryne.Bryne kyrkjelyd har arbeidd strategisk med kyrkjelydsutvikling over lang tid, og har ein omfattande strategiplan.
Soknepresten har kontor- og stabsfellesskap med prost, kyrkjeverje, og dei andre kyrkjeleg tilsette i Time kyrkjelege fellesråd. Kontoret ligg i Bryne sentrum. Soknepresten inngår i tenesteturnus med sokneprestane i Undheim og Time. Mange av dei kyrkjelege handlingane vert utførte i Time kyrkje.I Bryne stab består arbeidsfellesskapet, i tillegg til soknepresten, av dagleg leiar, diakon, kyrkjelydspedagog, organist, kateket, ungdomsarbeidar og kyrkjelydsutviklar. Arbeidsplassen legg vekt på open kommunikasjon og respekt mellom medarbeidarar, arbeidet består både av sjølvstendig arbeid og samarbeid i team.
Soknepresten inngår òg i prestefellesskapet i Jæren prosti, som består av kommunane Gjesdal, Klepp, Time og Hå. Prosten leiar arbeidet i prostiet og samlar prestane til jamlege pastoralsamlingar. Det er 12 sokn i prostiet, pluss at fengselsprestane i Sør-Rogaland er med i fellesskapet.
Cand.theol. med praktikum eller tilsvarande / Master i teologi og praktikum.
Gunnar Rønnestad, HR sjef/ assisterende stiftsdirektør, 51846270, gr575@kirken.no
4340 Bryne
Referansenr.: 5014030857
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.03.2026
Søknadsfrist: 05.10.2025

Arbeidsoppgaver
- Gudstenester og kyrkjelege handlingar etter oppsett plan.
- Arbeida aktivt med visjon, strategi og mål i samarbeid med sokneråd og stab.
- Bidra til å vidareutvikla gudstenestearbeidet i Bryne.
- Medansvar for konfirmantarbeidet i samarbeid med kateket.
- Rekruttera og inspirera frivillige medarbeidarar i samarbeid med stab og sokneråd.
- Oppfølging og kyrkjeleg teneste ved sjukeheimane i kommunen i samarbeid med diakon.
- Oppgåver i prostiet under prosten si leiing, særleg knytt til kyrkjelege handlingar.
- Beredskap etter gjeldande ordning for Stavanger bispedømme. Presteteneste i samsvar med “Tjenesteordning for menighetsprester i Den norske kirke”.
Kvalifikasjoner
Personlige egenskaper
Vi ønskjer ein prest som har evne og vilje til:
- Å inspirere og motivere gjennom forkynning og samarbeid.
- Å ta leiing for å utvikla kyrkjelyden.
- Godt samarbeid med sokneråd, kollegaer og frivillige.
- Å ta initiativ og arbeida både målretta og sjølvstendig i godt samspel med stab, sokneråd og lokalmiljø.
- Å kunna kommunisera med born, unge, vaksne og eldre i ulike livssituasjonar
Vi tilbyr
- Stillinga vert lønna som sokneprest etter gjeldande reglar.
- Vanlege godtgjersler etter gjeldande regulativ.
- Skyss- og telefongodtgjersle etter offentlege satsar.
- Pensjonsinnskot og medlemskap i KLP etter ordninga for prestar tilsett i rettssubjektet Den norske kyrkja.
- Det gis tilbod om arbeidsvegleiing (ABV).
Andre opplysningar
- Den som vert tilsett må retta seg etter endringar i lover, tariffavtaler, reglement m.m., samt avgjersler som kan influere på gjeremål i tenesta, tenestestad og tenestedistrikt.
- Målforma er nynorsk.
- Den som vert tilsett bør ha førarkort og disponera bil.
- Det vil bli utarbeidd offentleg søkarliste etter offentleglova § 25, jf. kyrkjeordning for Den norske kyrke § 42. Anmodning om å få namnet sitt unntatt frå denne må grunngjevast i søknaden. Behandlingsgrunnlag etter personvernforordninga er artikkel 6 nr. 1 bokstav b og artikkel 9 nr. 2 bokstav b og g.
- Den som blir tilsett må legga fram politiattest (barneomsorgsattest) utan merknader.
- Stavanger bispedøme skal vera ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfald, uavhengig av etnisitet, alder, kjønnsidentitet, funksjonsevne eller legning). Vi oppfordrar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søke.
Kontaktinformasjon
Lars Sigurd Tjelle, prost, 47451340, lt528@kirken.noGunnar Rønnestad, HR sjef/ assisterende stiftsdirektør, 51846270, gr575@kirken.no
Arbeidssted
Brynevegen 94340 Bryne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Stavanger bispedømmerådReferansenr.: 5014030857
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.03.2026
Søknadsfrist: 05.10.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3d07304d-6ef7-45d1-bc7a-83d42e6ea2e8
- Hentet fra
talentech
- Referanse
0772b6ab2031443385213e05570cc6ff