Medarbeidar barnehage
Aukra kommune Barnebo barnehage
Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
Om jobben
- Stillingstittel
- Pedagog/ fagarbeidar/ assistent
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 8. desember
Har du fagleg bakgrunn frå helse- eller oppvekstsektoren, og ønsker å vere den trygge vaksne for eit barn med nedsett funksjonsevne?
Vi treng ein stabil vaksenperson som kan jobbe med barn med særskilte behov i barnehagekvardagen. Stillinga er ein 100% stilling, der 70% er knytta til Barnebo barnehage og resterande til anna avdeling i kommunen. Dette kan vere enten i oppvekstsektoren eller i pleie -og omsorgssektoren. Vi blir einig med deg om kva som er best eigna.
Kven er vi?Barnebo barnehage ligg på øya Gossen. Det tek om lag 30 minutt frå Molde sentrum til barnehagen, inkludert gratis ferje. Barnehagen har 7 avdelingar, lokalisert i to hus tett-i-tett.
Vi legg vekt på å ha eit godt og solid fagmiljø med kompetente medarbeidarar. Barnehagen har kokk i 100 % stilling og er matpakkefri. Kokken lagar god og næringsrik mat til alle måltid.
Våre medarbeidarar har god kjennskap til Trygghetssirkelen og tilknytingsteori. Vi vil ha autoritative vaksne som bygger gode, varme relasjonar med barn samtidig som ein sett grenser og stiller krav. Vi vektlegg Ingrid Lund sin trapp med fokus på haldningar, kunnskap og handlingar i arbeidet for eit trygt, godt og inkluderande fellesskap for barn og tilsette.
I barnehagen let vi oss også inspirere av Reggio Emilia- filosofien sitt syn på barn og læring. Den pedagogiske tanken er å la barna sine idear, interesser, tankar og nysgjerrigheit vise veg for læring.
Kven er du?Du kan enten vere utdanna innan helsefag eller oppvekst, eller du har inga fullført utdanning, men kan vise til konkrete erfaringar med at du eignar deg særleg godt til å ivareta eit barns behov for struktur og emosjonell støtte.
Det er viktig at du kan samarbeide godt med kollegaer, føresette og hjelpeapparatet rundt barnet.
Du må kunne bidra med struktur og tryggleik for barnet i barnehagekvardagen, derfor er det viktig at du er stabil og har helse til å stå i stillinga.
ArbeidsoppgåverArbeidsoppgåvene i denne stillinga er fagleg spennande, og gir deg store moglegheiter til autonomi i arbeidet. Du jobbar i stor grad sjølvstendig, og får brukt dine kreative evner i lag med barnet, både inne og ute.
Arbeidsoppgåvene krev at du har relasjonelle ferdigheiter og kan vere fysisk og emosjonelt til stades for barn i krevjande situasjonar.
Den som får stillinga vil etterkvart følgje aktuelt barn over i skole.
Arbeidet er i hovudsak på dagtid, men det må påreknast arbeid ein ettermiddag i veka.
Vi tilbyr- Eit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø der du får rettleiing og støtte frå leiar og kollegaer
- Moglegheit til å gjere ein forskjell for barn som treng det mest
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Kommunale tilsettingsvilkår og løn etter tariff og ut frå faglege kvalifikasjonar
- Utdanningsstønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning
- Flyttegodtgjersle etter kommunalt regelverk
Kvalifikasjonskrav
Utanlandske søkarar må ha bestått Bergenstest/B2
Det er fint om du har utdanning innan helse eller oppvekst, men det viktigaste kravet er at du er personleg eigna til stillinga.
Særskilte krav
Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding (jf Barnehageloven §30).
Mangfald
Aukra kommune er opptatt av mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke jobb hos oss.
Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.
Søkarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25.
Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
Kontaktperson
Sissel Oliv Garseth, styrar/einingsleiar, tlf. 906 04 459.
Sissel.garseth@aukra.kommune.no
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3cfeedc2-d725-4c83-9f13-d323874abbee
- Sist endret
17. november 2025
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3563989_193053_nn
Lignende annonser
Pedagogisk medarbeider barnehage
Arbeidsgiver
Mobarn Sylte Og Malme Barnehage As
Sted
Malmefjorden
Tilkallingsvikar
Arbeidsgiver
Molde kommune Midsund barnehage
Sted
Midsund
Tilkallingsvikar
Arbeidsgiver
Vestnes kommune Fiksdal barnehage
Sted
Fiksdal