Legevikariat
Voss herad Voss legekontor
UttrÃÂ¥gata 15, 5700 Voss
Om jobben
Stillingstittel
Legevikariat Voss legekontor
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Lyst å arbeida som fastlege under trygge rammer og fast løn?
Me har ledig vikariat som fastlege i 100 % frå 8 april 2024 til og med 25. august 2025
Om arbeidsstaden
Voss legekontor har nye og topp moderne lokale i Knutepunktet like ved togstasjonen på Vossevangen. Samarbeidsinstanser som NAV, PPT og Helsestasjon er lokalisert i same bygg. Det er også kort veg til legevakta. Til saman har kontoret 10 fastlegeheimlar , 1 LIS1 lege, 6 sjukepleiarar, 1 helsesekretær og 1 sekretær ved legekontoret. Kontoret nyttar InfoDoc Plenario journalsystem. Det er planlagt overgang til InfoDoc skyløsning ila janauar 2024.
Voss herad har 19 fastlegeheimlar og 2 LIS1-stillingar. Voss er vertskommune for eit interkommunalt samarbeid om legevakt i distriktet (Voss IKL). Legevakta er velfungerande og for tida lokalisert i same lokale som akuttmottaket på Voss Sjukehus. Dette gir eit godt fagmiljø med kompetente legar og sjukepleiarar. Vaktbelastning er per dags dato ca. 3 - 4 vakter i månaden.
Arbeidsoppgåver
- Kurativ legeteneste ved Voss legekontor.
- Ved gjenopning av ute kontoret i Granvin kan deltaking i rotasjon hit verta aktuelt.
- Deltaking i opplysnings- og folkehelsearbeid.
- Kommunalt helsearbeid som arbeid ved sjukeheimar, flyktninge teneste, helsestasjonen og/eller i skulehelsetenesta må påreknast med 1-2 dagar per veke.
- Løypande oppgåve knytt til kvalitetsforbetring og utviklingsarbeid.
- Deltaking i daglegevaktordning lokalt for Voss herad i tillegg til ordinære vakter ved Voss IKL.
Me søkjer
- Norsk autorisasjon som lege.
- Er spesialist i allmennmedisin eller i spesialisering til dette.
- Har gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg.
- Innehar førarkort klasse B.
- Rett til å mota trygderefusjon.
- Personlege eigenskapar vil verta vektlagt.
- Godkjend politiattest må framleggas før tiltreding i heimelen.
Me tilbyr
- Gode vilkår for fagleg utvikling og rettleiing.
- God tilrettelegging for spesialiseringsløp i allmennmedisin eller vedlikehald av denne spesialiteten.
- Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
- Fastløn etter avtale.
- Voss er godkjent som utdanningsverksemd og kan tilby ein standard avtale for lege i spesialisering (ALIS-avtale).
Søknad
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlegheitslova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2497526
- Sist endret
23. desember 2023
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3267371_213047_nn