Kjøkkentenesta søker etter ny medarbeidar
Sunnfjord kommune Kjøkkentenesta
6843 Skei i Jølster
Om jobben
- Stillingstittel
- Kokk
- Type ansettelse
- Fast, deltid 60%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 8. november
Kjøkkentenesta har kjøkken på alle omsorgssentera i Sunnfjord kommune. Vi produserer mat til bebuarar på omsorgssenteret, til heimebuande, samt leverer varm mat alle dagar i året.
Har du fagbrev som ernæringskokk eller kokk innan hotell- og restaurantfaget, og ønsker å vere med på å skape gode måltidsopplevingar for brukarane våre?
Vi har ledig følgande stilling:
Stillinga inngår i turnus med arbeid kvar tredje helg og har arbeid på dagtid.
Kvalifikasjonar:
- fagbrev som ernæringskokk eller kokk innan hotell- og restaurantfaget
- kunnskap om IK-mat og HACCP
- gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Har du erfaring frå storkjøkken, men manglar fagbrev, er du også velkomen til å søke. Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.
Arbeidsoppgåver er mellom anna:
- produksjon og tilrettelegging av måltid
- sikre god kvalitet og arbeide etter gjeldande krav innan IK-Mat og HACCP
- samarbeid med kollegaer og andre faggrupper
- bidra til utvikling av gode mat- og ernæringstenester
Vi legg vekt på at du:
- er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- har interesse for å yte gode tenester til brukarane våre
- er strukturert og tek ansvar i det daglege arbeidet
Vi tilbyr:
- eit triveleg og fagleg engasjert arbeidsmiljø
- varierte arbeidsoppgåver
- moglegheit til å bidra i utviklinga av framtidas mat- og ernæringstenester
Vi ønsker medarbeidarar som ser verdien av mat og ernæring som ein viktig del av helse, trivsel og omsorg.
Du søker elektronisk.
Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3c6d921d-f8d9-468d-8407-ec8ca21ee9f0
- Sist endret
28. oktober 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3673923_172539_nn