Kunstbygda Balestrand as søkjer etter dagleg leiar
Kunstbygda Balestrand As
Holmen 11, 6899 Balestrand
Om jobben
Vil du vere med å utvikle eit sterkt kunstfelt og eit rikt kulturliv i bygdene våre? Kunstbygda Balestrand as er eit selskap med eit ideelt hovudføremål som er å bidra til at kunst og andre kulturuttrykk er viktige utviklingsfaktorar i Sogn.
- Oppstart
- 1. januar 2027
- Stillingstittel
- Daglig leder
- Type ansettelse
- Fast, deltid 60%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
Søk på jobben
Søk senest søndag 11. oktober
Send søknad til
Hva vi ser etter
-
Har lyst og motivasjon til å jobbe med kunst og kultur som ein viktig utviklingsfaktor i lokalsamfunna i Sogn
-
Er sjølvstendig, men og god til å spele på lag med andre tilsette og samarbeidsaktørar
-
Har kjennskap til, og erfaring innan kunst- og kulturfeltet, eller anna relevant kompetanse
Arbeidsoppgaver
-
Gjennomføre oppdrag og prosjekt selskapet har ansvar for
-
Samarbeid og nettverk med andre aktørar i regionen
-
Kontakt med styreleiar og styret, saksførebuing og oppfølging av styret sine vedtak
-
Administrative oppgåvene knytt til selskapet
-
Styrke finansiering av drift og prosjekt
-
Samarbeide med kommunar og bidra inn i ulike kommunale utval og prosessar
Vi tilbyr
I rolla som dagleg leiar vil du få ansvar for å gjennomføre dei oppdraga og prosjekt som selskapet til ei kvar tid har teke på seg. Du vil ha ansvar for å utvikle selskapet vidare i samarbeid med prosjektleiar og styret. Dette gjeld både i høve å utvikle nye prosjekt, og styrke det økonomiske grunnlaget til selskapet.
Du får ei sentral rolle i å forme den vidare utviklinga, retninga og posisjonen til selskapet, og det er mogleg for deg å setje ditt preg på korleis vi skal lukkast.
Stillinga er i dag 60 %. I samband med tilsettinga og i dialog med søkjarar vert det vurdert å auke stillingsprosenten.
Fleksibel arbeidstid. Løn etter avtale.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Kunstbygda Balestrand er eit selskap med eit ideelt hovudføremål som er å bidra til at kunst og andre kulturuttrykk er viktige utviklingsfaktorar i Sogn. Kunstbygda Balestrand har base i Balestrand, med kontorplass på Norsk Reiselivsmuseum. Den rike kunsthistoria i Balestrand er grunnmuren for verksemda og utgjer eit viktig utgangspunkt for arbeidet vårt. Målet er å styrke trivsel og skaparglede i regionen ved mellom anna å skaffe ressursar til kunstaktivitetar, utvikle og presentere kunst og opplevingar i samarbeid med kunstnarar, reiselivet, kommunar og andre samarbeidspartar.
Kunstbygda Balestrand vert i dag finansiert av oppdragsmidlar og prosjektmidlar frå offentlege og private aktørar. Selskapet er i ein spanande fase, med høge ambisjonar og store moglegheiter. Du får ei sentral rolle i å forme den vidare utviklinga, retninga og posisjonen til selskapet, og det er mogleg for deg å setje ditt preg på korleis vi skal lukkast.
Selskapet har og ei deltidsstilling som prosjektleiar.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3c2f8981-f0ae-42a2-bcfd-28e9412a98b9
- Sist endret
17. september 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
3c2f8981-f0ae-42a2-bcfd-28e9412a98b9