Forskar innan anvend mikroøkonomi, arbeidsmarknad og skatt
Forskningsavdelingen, Statistisk sentralbyrå
Akersveien 26, 0177 Oslo
Om jobben
- Stillingstittel
- Forskar innan anvend mikroøkonomi, arbeidsmarknad og skatt
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest fredag 4. desember
Vil du bidra til ny kunnskap om korleis økonomisk politikk påverkar individ, hushald, verksemder og samfunnet? Ønskjer du å arbeida med sentrale samfunnsspørsmål i eitt av Noregs sterkaste forskingsmiljø innan anvend mikroøkonomi?
Vi søkjer ein forskar til Gruppe for arbeidsmarknad og skatt i Forskingsavdelinga i Statistisk sentralbyrå. Me ser etter kandidatar med sterk kompetanse innan empirisk mikroøkonomi, økonometri eller kvantitative metodar som ønskjer å bidra til forsking på sentrale samfunnsøkonomiske problemstillingar.
Gruppa kombinerer forsking på høgt internasjonalt nivå med utvikling og bruk av sentrale analyseverktøy for norsk økonomisk politikk. Som forskar hos oss blir du ein del av eit leiande fagmiljø innan anvend mikroøkonomi, med tett kontakt med nasjonale og internasjonale forskingsmiljø. Arbeidet byggjer på omfattande registerdata og kombinerer empiriske analysar ved hjelp av moderne mikroøkonometriske metodar med utvikling og bruk av modellar og analyseverktøy for norsk økonomisk politikk.
Dette gir ei unik moglegheit til å kombinere forsking på høgt internasjonalt nivå med problemstillingar som er sentrale for utforming og evaluering av offentleg politikk.
Hos oss får du vera med å
- gjennomføre forsking innan anvend mikroøkonomi, mellom anna skatt, utdanning, arbeidsmarknad, helse, fordeling og andre sentrale samfunnsøkonomiske tema
- publisere forsking i internasjonale vitskaplege tidsskrift
- analysere omfattande registerdata ved hjelp av moderne mikroøkonometriske metodar
- utvikle og nytte metodar og modellar for analyse av økonomisk politikk
- bidra til fagleg samarbeid mellom forsking og statistikkproduksjon
- utvikle nye forskingsprosjekt og søknader om finansiering
- formidle resultat til beslutningstakarar, offentleg forvaltning, forskingsmiljø og allmenta
- samarbeide med leiande forskingsmiljø nasjonalt og internasjonalt
- representere SSB og Forskingsavdelinga eksternt
Kva kompetanse er nødvendig?
- Doktorgrad i samfunnsøkonomi eller eit anna relevant kvantitativt fagområde. Kandidatar som er i ferd med å fullføre doktorgraden, kan òg bli vurderte. Avhandlinga må vere levert før tiltreding.
- Kompetanse og erfaring med empiriske analysar og mikroøkonometriske metodar.
- Erfaring med programmering og dataanalyse, til dømes i R, Stata eller Python, dessutan kopling og analyse av store datasett, fortrinnsvis registerdata.
- Det vil bli lagt vekt på vitskapleg produksjon og potensial for forsking på høgt internasjonalt nivå.
- God framstillingsevne på norsk (eller eit anna skandinavisk språk) og engelsk. Kandidatar med engelsk som arbeidsspråk blir forventa å lære norsk.
Kven er du?
- Du har sterke analytiske evner.
- Du er sjølvstendig, initiativrik og målretta.
- Du arbeider strukturert og leverer høg kvalitet.
- Du trivst med samarbeid og bidreg aktivt til eit godt fagleg miljø.
- Du har gode kommunikasjons- og formidlingsevner.
o Du har sterke analytiske evner.
o Du er sjølvstendig, initiativrik og målretta.
o Du arbeider strukturert og leverer høg kvalitet.
o Du trivst med samarbeid og bidreg aktivt til eit godt fagleg miljø.
o Du har gode kommunikasjons- og formidlingsevner.
Vi tilbyr
o Løn som forskar (1109/1110/1183) i lønsspenn frå kr. 675 000 til 820 000 etter kvalifikasjonar. Høgare løn kan vurderast for særleg godt kvalifiserte søkjarar.
o Eit leiande forskingsmiljø innan anvende mikroøkonometriske analysar med gode moglegheiter for fagleg utvikling, samarbeid og publisering.
o Spennande arbeidsoppgåver i skjeringspunktet mellom forsking, analyse og økonomisk politikk.
o Gode moglegheiter for kompetanseutvikling og nasjonalt og internasjonalt samarbeid.
o Fleksibel arbeidstid, treningstilbod og god pensjonsordning i Statens pensjonskasse.
o Lyse og trivelege lokale sentralt i Oslo med innandørs sykkelparkering.
o For at vi best mogleg skal kunne vurdere søknaden din, treng vi at du innan søknadsfristen registrerer relevant dokumentasjon i den elektroniske søkjeportalen (attestar, vitnemål osv.). For kandidatar vi vurderer å tilsetje, kan vi gjennomføre bakgrunnssjekk og kontroll av dokumentasjon.
o Me gjer merksam på at opplysningar som søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom den ønska reservasjonen ikkje vert teken til følgje, vil søkjaren bli varsla om dette før offentleg søkjarliste vert utforma.
o SSB skal vere ein god stad å arbeide for alle, og me ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å løyse framtidas oppgåver. Har du funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn, eller har hatt lengre fråvær frå arbeid, utdanning eller opplæring dei siste åra, vil vi oppmode deg til å krysse av for dette når du søkjer på stillinga. Det gir deg moglegheit til positiv særbehandling. Vi inviterer minst éin kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Dersom du har behov for særskild tilrettelegging, vil vi strekkje oss langt for å imøtekome behova dine.
Kontaktinformasjon
Trine Engh Vattø, Forsker, 98474524, trine.vatto@ssb.noArbeidssted
Akersveien 260177 Oslo
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Statistisk sentralbyråReferansenr.: 5204184690
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.12.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Statistisk sentralbyrå - tall som forteller
Statistisk sentralbyrå (SSB) har hovedansvaret for utvikling, utarbeiding og formidling av offisiell statistikk i Norge. Statistikk, forskning og analyse fra SSB bidrar til innsikt om samfunnsutviklingen, danner grunnlag for det offentlige ordskiftet og gir mulighet for informerte beslutninger.
SSB er en kunnskapsorganisasjon med faglig utfordrende arbeidsoppgaver og gode utviklingsmuligheter. Vi har et stort kontaktnett, også internasjonalt. Vi har 830 medarbeidere lokalisert i Oslo og Kongsvinger, i tillegg til intervjuere over hele landet. Kompetente og motiverte medarbeidere er avgjørende for at vi skal kunne nå målet om å være den fremste leverandøren av fakta om norske samfunnsforhold.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3bfe3157-6999-44be-ba59-412776a3670a
- Sist endret
6. november 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
87ef3c8c34ee4b21a71ac8c7cefd2f46