Kjøkkenvert 35 % fast
Sjukeheimen langtidsavdeling, Vinje kommune
Vinjevegen 212, 3890 Vinje, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Kjøkkenvert 35 % fast
Oppstart
1. oktober 2025
Type ansettelse
Fast, deltid 35%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 21. september
Ynskjer du å vera ein del av framtidas eldreomsorg? Me søkjer etter ein ny kjøkkenvert som vil vera med på å utvikle dagens og framtidas sjukeheimsteneste til bebuarane våre på Vinje sjukeheim. Stillinga er per i dag på dagtid, med arbeid kvar tredje helg.
Sjukeheimen består av:
- Korttid/rehabilitering: 9 plassar, der 2 av plassane er KAD-plassar
- Avdeling tilpassa personar med demens: 13 plassar, fordelt på to grupper
- Somatisk langtidsavdeling: 12 plassar
Vinje sjukeheim ynskjer å ha større fokus på å ivareta kvar enkelt bebuar sine interesser og behov. Me er opptatt av å ivareta pårørande som ein viktig ressurs for bebuarane, og deltek for tida i eit prosjekt knytt til heilskapleg pårørandestøtte. Som tilsett hjå oss er du ein del av eit tverrfagleg team, som saman jobbar mot det beste for kvar enkelt bebuar.
Frå januar 2025 nyttar me årsturnus, slik at du som tilsett har større moglegheit til å påverke din eigen turnus, og for å planleggje fritida for heile året.
Me har eit hovudkjøkken som tilbereder middag for sjukeheimen, andre instutisjonar og heimebuande.
Arbeidsoppgåver
- Bestille mat i dataprogrammet Mathilda
- Bestille og legge til rette for individuell tilpassa mat
- Hente varer frå hovudkjøkken til postkjøkken
- Varme opp og servere måltid, samt hjelpe enkeltpasientar under måltida
- Utføre internkontroll for mattryggleik
- Oppvask og reinhald på postkjøkken
- Skape trivsel i fellesområde, og kunne leggje til rette for enkle aktivitetar
Kvalifikasjonar
- Det er ynskjeleg med erfaring frå liknande arbeid
- Gode munnlege og skriftlege norskferdigheiter
- Me forventar at du tilegnar deg dei rutinene som fylgjer med arbeidet
Personlege eigenskapar
- Du har evne til å skape gode relasjonar og tillit
- Du har motivasjon og engasjement i arbeid med eldre
- Du har interesse for mat og næringsrikt kosthald tilpassa brukargruppa
- Du har godt humør og bidrar positivt i arbeidsmiljøet
- Du har evne til å skape gode måltidsopplevingar for bebuarane
- Du er lærevillig og serviceinnstilt
- Du kan samarbeide med helsepersonell og har forståing for bebuarane sine behov
- Du kan arbeide sjølvstendig
- Du er ansvarsbevisst
Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing
Me tilbyr
- Fagleg oppdaterte og dyktige kollegaer
- Betalt matpause
- Løn etter ansiennitet i lokal stige frå 419.900 til 541.100 eller ved fagbrev 470.800 - 599.300
- Moglegheit til å påverke din eigen turnus. Me nyttar årsturnus
- God forsikrings- og pensjonsordning
- Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Hanne Kristin Finkenhagen, Avselingsleiar langtidsavdelinga, +47 99 25 16 24Arbeidsstad
Vinjevegen 2123890 Vinje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommuneReferansenr.: 5007879412
Stillingsprosent: 35%
Fast
Startdato: 01.10.2025
Søknadsfrist: 21.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Hanne Kristin Finkenhagen
Avselingsleiar langtidsavdelinga
+47 99 25 16 24
Om bedriften
Langtidsavdelinga på sjukeheimen består av 25 sengeplassar fordelt på 3 grupper. 13 plassar er tilrettelagt for personar med kognitiv svikt og demens. Ei langtidsavdeling med 12 sengeplassar, der pasientane får pleie og stell gjennom heile døgnet. Det er legevisitt tre dagar i veka av fast tilsynslege.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3bb553d3-1c7f-4540-958c-50b5efa52ad0
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4afe463e2e6d48a29e8e077d88957039