Hopp til innhold

Ph.d.-stipendiat i fjernmåling og modellering av alpine vegetasjonsendringar

Arbeidsgiver

Universitetet i Bergen

Sted

Christiesgt. 18, 5020 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Ph.d.-stipendiat i fjernmåling og modellering av alpine vegetasjonsendringar
Type ansettelse
Åremål, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk

Søk på jobben

Søk senest fredag 2. oktober

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA

Stipendiat

Ved Institutt for biovitenskap, Universitetet i Bergen, er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i fjernmåling og modellering av alpine vegetasjonsendringar. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid, inkludert undervisning og andre oppgåver ved instituttet.

Planlagt oppstart er 1. februar 2027.

Stillinga er knytt til forskingsteamet Mountains-in-Motion, leia av førsteamanuensis Suzette Flantua.


Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Alpine økosystem er i rask endring. I mange fjellområde breier buskar seg inn i tidlegare open vegetasjon som følgje av klimaoppvarming, endra arealbruk og redusert beitetrykk. Denne ekspansjonen kan endre habitatstruktur, biologisk mangfald, økosystemfunksjonar og den kulturelle verdien av opne fjellandskap vesentleg. Vier (Salix spp.) er blant dei mest utbreidde og økologisk viktige buskene i norske alpine miljø. Likevel er tempoet, dei romlege mønstra og dei underliggjande drivarane for ekspansjon av vierkratt framleis utilstrekkeleg forstått. Langsiktige observasjonar er få, og dei relative effektane av klima, topografi og arealbrukshistorie er sjeldan undersøkte på tvers av romlege og tidsmessige skalaer.

Ph.d.-prosjektet skal kombinere historiske flyfoto, satellittbasert fjernmåling, økologiske feltobservasjonar og romleg modellering for å kartleggje ekspansjon av vierkratt i ulike delar av Noreg frå dei siste tiåra og fram til i dag. Prosjektet skal deretter undersøkje miljø- og arealbruksfaktorar som er knytt til desse endringane, og utvikle framskrivingar av moglege framtidige vegetasjonsendringar. Forskinga vil bidra til ei betre forståing av korleis alpine landskap responderer på samverkande klimatiske og menneskeskapte påverknader. Ho vil òg gi romleg eksplisitt informasjon som er relevant for bevaring av biologisk mangfald, økosystemforvaltning og ivaretaking av kulturelt verdsette fjellandskap.

Ph.d.-prosjektet vil vere nært knytt til andre tverrfaglege prosjekt i forskingsteamet Mountains-in-Motion og til nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar innan biologisk mangfald, biogeografi, makroøkologi, fjernmåling, landskapsøkologi, pollinering og landskapsmodellering. Arbeidet inngår i ei breiare satsing på å forstå fortid, notid og framtid for alpine miljø og fjellmiljø over heile verda.

Den detaljerte forskingsplanen vil bli vidareutvikla av den som blir tilsett, i samarbeid med rettleiingsteamet.

Hovudoppgåver

Den som blir tilsett, skal:

  • utvikle og evaluere arbeidsflytar for bileteklassifisering for å identifisere vierkratt og andre relevante vegetasjonsklassar frå ulike fjernmålingssensorar
  • planleggje og gjennomføre økologisk feltarbeid og fjernmålingsrelatert feltarbeid i norske fjellområde
  • integrere fjernmålingsdata med feltobservasjonar og miljødata
  • kvantifisere romlege og tidsmessige endringar i vierdekke, tettleik og landskapskonfigurasjon ved hjelp av avanserte geospatiale metodar
  • undersøkje klimatiske, topografiske og arealbruksrelaterte drivarar for ekspansjon av vierkratt
  • utvikle romleg eksplisitte framskrivingar av framtidige vegetasjonsendringar
  • forvalte og dokumentere forskingsdata og kode i samsvar med FAIR-prinsippa
  • formidle resultat gjennom vitskaplege publikasjonar, konferansepresentasjonar og formidlingsaktivitetar
  • søkje om støtte til reiser og formidlingsaktivitetar
  • delta aktivt i forskingsteamet Mountains-in-Motion, forskargruppa for terrestrisk økologi og det breiare fagmiljøet ved Institutt for biovitenskap og Universitetet i Bergen

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjarar må oppfylle følgjande kvalifikasjonar:

  • ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i økologi, geografi, geovitskap eller eit anna relevant fagområde, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • solid erfaring frå eller kompetanse innan GIS og fjernmåling og/eller geospatial analyse knytt til landskapsdynamikk i fjellområde er eit krav.
  • erfaring frå eller kompetanse innan prosessering og analyse av fjernmålingsdata eller andre romleg eksplisitte miljødata er eit krav.
  • ha kunnskap om miljøprosessar i fjellområde, alpin økologi og/eller vegetasjonsendringar er eit krav.
  • erfaring frå eller kompetanse innan bruk av R, Python eller tilsvarande verktøy for programmering og analyse er eit krav.
  • kunne dokumentere evne til å bidra konstruktivt i teamarbeid og tverrfagleg samarbeid.
  • må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar

Ein eller fleire av følgjande kvalifikasjonar vil vere ein fordel:

  • erfaring frå eller kompetanse innan
    • romleg modellering, landskapsanalyse eller konnektivitetsanalyse
    • maskinlærings- eller djuplæringsmetodar for geospatiale analysar
    • økologisk feltarbeid eller fjernmålingsrelatert feltarbeid, særleg i alpine miljø
    • Google Earth Engine, geodatabasar eller skybasert prosessering av geospatiale data
    • reproduserbare arbeidsflytar, vitskapleg dataforvaltning eller FAIR-prinsippa, til dømes GitHub
    • forskingsformidling eller visualisering av romlege data og miljødata
  • vitskaplege publikasjonar, rapportar eller andre dokumenterte forskingsresultat

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga. Ved behov vil UiB søkje om eksportlisens før tilbod om tilsetjing vert gitt.


For stillinga gjeldt følgande:

Om stillinga som ph.d.-stipendiat

Stipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.-studiet ved Universitetet i Bergen.


Vi tilbyr:

  • eit positivt, inkluderande, tverrfagleg og fagleg stimulerande arbeidsmiljø konferansar og samlingar
  • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 593 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • eit motivasjonsbrev som inkluderer:
    • ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde fordelane, då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane
    • korleis du meiner at du vil bidra til forskingsteamet Mountains-in-Motion
  • eit kort samandrag (maks. éi side, ekskl. referansar) av korleis du ser føre deg ph.d.-prosjektet som ein forskingsplan
  • detaljert CV
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden, må du levere ei stadfesting frå institusjonen din på at masteroppgåva er levert
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jf. krav til engelskkunnskapar ved opptak til ph.d.-programmet)
  • liste over og kopiar av publikasjonar, inkludert preprintar, og andre relevante akademiske arbeid
  • kopi av masteroppgåva og eit kort samandrag
  • dersom tilgjengeleg: lenkjer til personleg nettside og GitHub-konto
  • Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Førsteamanuensis Suzette Flantua, Institutt for biovitenskap, suzette.flantua@uib.no, eller Instituttleder Ståle Ellingsen, Institutt for biovitenskap, Stale.Ellingsen@uib.no

For HR-relaterte spørsmål, ta kontakt med rådgjevar Magnus Skogstad, magnus.skogstad@uib.no , HR-seksjonen.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.     

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.       


Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5

Om bedriften

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

3bb4f655-3b4d-4b01-83dd-bd620d769d1d

Sist endret

11. september 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10308914

Lignende annonser

Laster lignende annonser