Hopp til innhold

Vil du vera med og skapa ein trygg, god og spanande kvardag for barna i Stokkalandsmarka barnehage?

Arbeidsgiver

Hå kommune Stokkalandsmarka barnehage

Sted

Stokkalandsbakken 2,, 4362 Vigrestad

Om jobben

Stillingstittel
Pedagogisk leiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 29. juli

Me søkjer ein engasjert og dyktig pedagogisk leiar som ønskjer å gjera ein forskjell i barna sine liv. Hos oss får du vera med på å leggja grunnlaget for leik, læring, utvikling og gode opplevingar i eit inkluderande og fagleg sterkt miljø. Stillinga me lyser ut er 100% fast stilling.

Kven er du?
Du er ein trygg og varm vaksen som ser kvart enkelt barn og møter dei med respekt, omsorg og engasjement. Du veit at leiken er barna sin viktigaste læringsarena, og du er aktivt til stades i leik og samspel.

Du brenn for å skapa gode relasjonar og bidra til eit miljø der alle barn opplever meistring, tilhøyrsle og glede. Samtidig er du fagleg nysgjerrig, samarbeidsorientert og trygg i møte med både føresette og kollegaer.

Som pedagogisk leiar tek du ansvar, viser initiativ og bidreg til utvikling av både barn, medarbeidarar og barnehagen som organisasjon.

Om Stokkalandsmarka barnehage
Stokkalandsmarka barnehage er ein moderne kommunal barnehage med lyse og gode lokale. Me har flotte fasilitetar som gymrom, formingsrom, arbeidsrom og baderom som gir gode moglegheiter for leik, læring og utforsking.

Barnehagen ligg i eit område med nærleik til naturen og spennande leikeområde som me nyttar aktivt gjennom året. I tillegg skal uteområdet vårt fornyast i næraste framtid, noko som vil gi endå fleire moglegheiter for aktivitet og utforsking.

Hos oss møter du eit inkluderande arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar i ulike aldrar og med ulik erfaring. Me legg vekt på samarbeid, fagleg utvikling og trivsel, og arbeider for at alle skal oppleva meistring og arbeidsglede.

Arbeidsoppgåver
Ha ansvar for omsorg, trivsel og utvikling for det enkelte barn og barnegruppa
Delta aktivt i leik og aktivitetar saman med barna
Planleggja, gjennomføra, dokumentera og evaluera pedagogisk arbeid
Vera ein tydeleg pedagogisk leiar og rollemodell
Rettleia og støtta medarbeidarar i det daglege arbeidet
Bidra til eit trygt, inkluderande og utviklande læringsmiljø
Byggja gode relasjonar og leggja til rette for eit godt samarbeid med føresette
Halda deg fagleg oppdatert og dela kompetanse med kollegaer

Kvalifikasjonar
Godkjend utdanning som barnehagelærar
Norskkunnskapar i tråd med krav i barnehagelova (minimum A2 skriftleg og B1 munnleg)

Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt

Me tilbyr
Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
Dyktige og engasjerte kollegaer som støttar kvarandre
Eit sterkt fagleg fellesskap med fokus på utvikling og læring
Fagleg oppfølging gjennom Hå kommune sine lærande nettverk og rettleiing for nyutdanna
Gode pensjons- og forsikringsordningar, inkludert fritidsulukkesforsikring
Lønn etter Hå kommune sitt lønns- og stillingsregulativ
Vil du bli ein del av laget vårt?
Dersom du ønskjer å bidra til at barna får ein trygg, lærerik og minnerik kvardag, håpar me å høyra frå deg.
Velkomen som søkjar til Stokkalandsmarka barnehage! ????⭐

Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.

Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.

Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Åsa Bratland Bø

Styrer

40393781

asbb@ha.kommune.no

Om bedriften

Hå kommune sitt administrasjonssenter ligg på Varhaug, ca. 40 minutter med tog frå Stavanger. Kommunen har over 20 000 innbyggjarar, velfungerande skuledrift, full barnehagedekning, gode helsetilbod og gode levekår. I tillegg til eit rikt og variert kultur- og idrettstilbod finner ein flotte tur- og friluftsområder. Hå kommune sin visjon er "Me løfter i lag". Våre verdier er Åpen, Driftig og Stolt. Vi ønskjer oss medarbeidarar som kan identifisera seg med vår visjon og våre verdiar! Tilgjengelighetserklæring

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

3ad57641-42f0-46cc-b300-9b1c7c3ffa84

Sist endret

8. juli 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3645699_194317_no

Lignende annonser

Laster lignende annonser