Ferievikar Tafjord Friluftsblad
Fjord kommune
Fv92 1440, 6213 Tafjord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ferievikar Tafjord Friluftsblad Fjord kommune
Oppstart
23. mai 2025
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus, dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Tafjord friluftsbad har eit utandørs basseng som er oppvarma til 27 - 31 grader. Her er også plaskebasseng, vassklier og leikeapparat. Der er garderobar med dusjar og omkledningsrom. Kiosk med sal av enkle kioskvarer. Anlegget ligg idyllisk til ved fjorden.
Tafjord friluftsbad vil vere open frå veke 22 - 35 (tentativt). Behovet vil vere 4 personar i turnus som arbeidar inntil 100% + 2 i reserve. Primært vere arbeid i helgane fram til skuleslutt. Frå veke 26 vil ein starte full drift. Det vil vere to på vakt til ein kvar tid. Dagar med ekstra besøk på badet, vil ein måtte auke med ein ekstra vakt. På rolige dagar vil ein ha behov for vedlikehaldsarbeid i og rundt Tafjordbadet. Tilsette vil også kunne bli nytta til anna vedlikehaldsarbeid i kommunen.
- Perioden 24.05 (29.05) – 22.06 ope laurdag og søndag
- Perioden 23.06 – 17.08 ope kvar dag
- Perioden 18.08 – 31.08 ope laurdag og søndag
- Kvardagar 12:00 - 18:00
- Laurdag-søndag 11:00 - 18:00
I staden for ein søknadstekst ønskar vi at du svarar på seks (6) spørsmål i tillegg til å legge til oppdatert CV.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Praksis frå liknande arbeid er ein fordel.
- Badevakter må gjennomføre livredningskurs.
- Blir gjennomført i kommunen før oppstart.
- Fire av dei seks må vere 18 år eller eldre
- Kan arbeide store delar av angitt periode
Personlege eigenskapar
- Sosial og serviceinnstilt
- Kan snakke på fleire språk er ein fordel
- Ikkje redd for å ta i eit tak
- Fleksibel
Kva kan vi tilby og søknadsprosess
- Lønn i samsvar med gjeldanda tariffavtale og kommunen sin lønnspolitiske plan.
- Utandørs arbeid i naturskjønne Tafjord
Vi krev ikkje ein søknadstekst! Det einaste vi treng frå deg er at du lastar opp din CV, svara på nokon spørsmål og så hører du fra oss! (Ønsker du å skrive eit søknadsbrev er det fullt muleg.)
Kontaktinformasjon
Kornelija waagan, Ingeniør - Byggdrift og VVAR, +47 41867905Arbeidsstad
Fv92 14406213 Tafjord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord kommuneReferansenr.: 4930127118
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Startdato: 23.05.2025
Sluttdato: 31.08.2025
Søknadsfrist: 30.03.2025
Om bedriften
Fjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal.
Fjord kommune som har litt under 2500 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus.
Fjord kommune har eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane. Les meir om kommunen via opplevfjord.no
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2875382
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9fd0dbe7807b4a37ae82f75c9b0098c4