IT Technical Project Delivery Consultant
MM_Maritime
Meatjønnsvegen 74, 5412 Stord
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest søndag 7. desember
Den Maritime industrien treng trygge og raske IT leveransar - på alle verdas sju hav. Me treng ein IT Technical Project Delivery Consultant på laget vårt til å styrka dette området. Kva skal du gjera på?
Som teknisk prosjektleiar i Marlink vil du ha ansvar for å handtere fleire prosjekt og tidslinjer samtidig. Du vil samarbeide med både kundar, leverandørar og andre avdelingar i selskapet for å levera og implementera skreddersydde tekniske løysingar. Tekniske førebuingar og planlegging med utførande felt-ressursar, samt administrasjon av logistikk og levering, er sentrale oppgåver i jobben. Å kunne gjere komplekse ting enkle, samt leia prosjekt frå start til slutt, er nøkkel for suksess hos oss. Kva treng du?
Kompetanse og/eller erfaring frå leiing av IT prosjekt, store eller små, vil vera veldig positivt. Du er oppdatert på Microsoft sin portefølgje, både lokal, hybrid og i skya med. God kjennskap til nettverk, maskinvare for både server og arbeidstasjonar vil vere ein stor fordel. Om du kjenner deg igjen i dette så bør vurdera seriøst å bli ein del av laget vårt på Stord. Kven er du?
Du er typen som alltid er ute etter å lære noko nytt og tar initiativ når det trengs. Du trivst godt med å ha fleire ballar i lufta samtidig. Du har relevant utdanning og/eller erfaring frå tilsvarande arbeid. Du har gjerne erfaring frå samhandling med kunder og samarbeidspartnarar. Av og til må du vera klar for utanlandsreise for å møta både kundar og leverandørar. Om du i tillegg har godt humør, gode kommunikasjonsevner både på engelsk og norsk, og føretrekk å arbeida som ein del av eit lag, ja då er det ikkje noko å lura på. Kva tilbyr me?
- Ein arbeidsplass som byr på sterkt samhald og variasjon i oppgåver.
- Konkurransedyktig løn med prestasjonsbaserte bonusar
- Helseforsikring og privat legetjeneste
- Fleksible arbeidsordningar med moglegheit for heimekontor
- Profesjonell utvikling -- lær nye ting utan å måtte sitje i ein kjedeleg konferansesal.
- Deltaking i sosiale arrangement og aktivitetar-- her er me på Stord best i klassen.
Vil du bli med?
I så fall ser me fram til å høyre frå deg snarleg! Søknader vert vurdert fortløpande.
Om bedriften
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3a7c0c7f-8dde-4353-b8be-fc9d7df25576
- Sist endret
10. november 2025
- Hentet fra
FINN
- Referanse
436009030
Lignende annonser
Prosjektleder
Arbeidsgiver
LOS Marine AS
Sted
Rubbestadneset
Teknisk ordrebehandler
Arbeidsgiver
Add Persona AS
Sted
Rubbestadneset
Arbeidsgiver
Hatteland Technology AS
Sted
Aksdal