Rettleiar IPS
Nav Region Voss og Hardanger
Gurid Almenningensplass 1, 5704 Voss, Røldalsvegen 39, 5750 Odda
Om jobben
- Stillingstittel
- Rettleiar IPS
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest onsdag 30. september
I Nav Region Voss og Hardanger arbeider vi kvar dag for at fleire menneske skal få moglegheit til å delta i arbeidslivet og samfunnet.
Hos oss møter du engasjerte fagfolk som trur på at arbeid kan vere ein viktig veg til betre psykisk helse, meistring og livskvalitet.
No søkjer vi ein IPS-jobbspesialist som ønskjer å vere med på dette viktige samfunnsoppdraget.
Kan det vere deg?
Hos oss blir du ein del av eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse innan arbeidsinkludering og tett samarbeid mellom helse- og arbeidstenester. Saman arbeider vi målretta for å finne moglegheiter framfor avgrensingar og skape varige resultat for menneske som treng støtte på vegen inn i arbeidslivet.
Hos oss får du kombinere relasjonsbygging, fagleg arbeid og samfunnsengasjement i ei rolle der du faktisk kan sjå forskjellen du gjer for andre.
Om stillinga
Dette er ei variert og sjølvstendig rolle der du arbeider tett på menneske som ønskjer å kome i arbeid, samtidig som du byggjer relasjonar med arbeidsgjevarar og samarbeider med fagmiljø innan helse og Nav. Arbeidshverdagen er oppsøkjande, dynamisk og prega av tett kontakt med både deltakarar, samarbeidspartnarar og lokalt arbeidsliv.
Stillinga er delt mellom Bjørkeli DPS på Voss og Fonna DPS i Odda, og omfattar deltakarar frå kommunane Ullensvang, Voss, Kvam, Vaksdal, Ulvik og Eidfjord.
Du jobbar etter metoden Individual Placement and Support (IPS), ein kunnskapsbasert metode for arbeidsinkludering av personar med psykiske helseutfordringar. Målet er å hjelpe fleire inn i arbeidslivet og vidare i livet gjennom arbeid.
Kva går jobben ut på?
- følgje opp deltakarar etter IPS-metodikken med mål om ordinært arbeid
- kartleggje ressursar, interesser og jobbønske
- oppsøkje og samarbeide med arbeidsgjevarar i lokalt næringsliv
- bistå med jobbsøking, CV og førebuing til jobbintervju
- gje individuell oppfølging både før og etter tilsetjing
- samarbeide tett med behandlarar, Nav-rettleiarar og andre fagpersonar
- dokumentere og rapportere i tråd med gjeldande krav
- ha ansvar for framdrift og oppfølging i eiga portefølje med om lag 20 arbeidssøkjarar
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Du må ha
- fullført utdanning på minimum bachelornivå, gjerne innan sosiale fag, pedagogikk eller leiing. Relevant utdanning og/eller erfaring kan kompensere for kravet til utdanning.
- erfaring med eller kompetanse innan rettleiing og oppfølging av menneske
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- førarkort klasse B
- erfaring frå arbeid med menneske med psykiske helseutfordringar
- erfaring med arbeidsinkludering og oppsøkjande arbeid retta mot arbeidsgjevarar
- erfaring frå tverrfagleg samarbeid
- kunnskap om arbeidsmarknaden i Voss- og Hardangerregionen
Kva ser vi etter hos deg?
- er ein god relasjonsbyggjar og skaper tillit hos både deltakarar og samarbeidspartnarar
- er initiativrik og trivst med arbeidsgjevarkontakt
- er sjølvstendig og trygg i å planleggje og leie eigen arbeidskvardag
- har gode samarbeidsevner og er omstillingsdyktig
Kvifor velje oss?
- ei meiningsfull stilling der du kan gjere ein forskjell i ein organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
- gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving
- aktive, engasjerte og inkluderande kollegaer i eit godt og utviklingsorientert arbeidsmiljø
- velferdsgode som fleksibel arbeidstid og høve til trening i arbeidstida
- stillinga er organisatorisk plassert ved Nav Voss, regionskontoret i Voss og Hardanger
- statleg tilsetjing i stillingskode 1434, med løn frå kr 639 000 til kr 675 000. For særs kvalifiserte søkarar kan noko høgare lønn vurderast.
- god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
Les meir om Nav som arbeidsgivar
Kontaktinformasjon
Cathrine Seim-Haugen, Avdelinsleiar , 91393284, cathrine.seim-haugen@nav.noMaritza Senneseth, Metoderettleiar , 96013864, Stephanie.Maritza.Villegas.Senneseth@nav.no
Arbeidssted
Gurid Almenningensplass 15704 Voss
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NavReferansenr.: 5165213584
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.09.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3a4fedfe-b8b8-4401-82fb-64f9b5b017c1
- Sist endret
10. september 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ce122069f72841fe9a4ba0f382bf9c4e