EXTRA FØRDE søkjer butikkmedarbeidarar
Extra Førde
Kronborgvegen 34, 6813 Førde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Butikkmedarbeider
Type ansettelse
Fast, heltid 100% og deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Søk på jobben
Søk senest søndag 31. august
Har du lyst til å arbeide i butikk?
Extra Førde har heile tre ledige stillingar som butikkmedarbeidar, to i 100% stilling, og ein i 60% stilling. Vi ser etter deg som er blid, engasjert, og likar utfordrande og varierte arbeidsdagar. Du er oppteken av å gje god kundeservice, og bidreg til eit godt arbeidsmiljø i butikken. Stillingane følgjer turnus med arbeidstid på dagtid, ettermiddag / kveld og kvar tredje laurdag.
Arbeidsoppgåver:- Kundebehandling
- Varemottak / Vareplassering
- Kasse
- Tipping / post
- Forfallande reinhald og rydding
Påliteleg, hjelpsam og imøtekommande, og du set alltid kunden først. Du jobbar strukturert og sjølvstendig, kan være fleksibel, har gode samarbeidsevner og ei positiv haldning. Du må kunne godt norsk, både skriftleg og munnleg, og du må være fylt 18 år.
Hos oss får duVarierte arbeidsoppgåver og løn etter tariff. Du får god opplæring og ytterlegare kompetanseheving gjennom våre e-læringskurs. Du blir medlem av vår innskotsbaserte pensjonsordning med eigensparing, og er dekka av forsikringsavtalane våre. Vi har rabattavtalar for tilsette. Ynskjer du å utvikle deg, har vi og opplæringsmogelegheiter hos oss i Coop Nordvest.
Høyrest dette ut som noko for deg, så håpar vi at du søkjer. Spørsmål om stillingane kan rettast til butikksjef Marit Botnen på tlf. 901 10 421
Søknad og CV registrerast digitalt på: www.deibestefolka.no
Søknadsfrist: 31. august 2025Om bedriften
Coop Nordvest SA er eit av dei største samvirkelaga i Coop i Norge, med 6 milliardar i omsetnad og ca. 2200 medarbeidarar. Vi har butikkar i 46 kommunar, frå Åfjord i nord til Lærdal i sør, i Trøndelag, Møre og Romsdal og Vestland fylke. Vår verksemd er i første rekke innan daglegvare, i tillegg har vi ein del faghandels- og byggevarebutikkar. Vi er eigd av våre 184 500 medlemmar, og vert drive etter samvirke-prinsippa. Vi har kontor på Orkanger, i Ålesund og i Førde. Vi har som mål å vere eit av landets best drivne samvirkelag. Som ein regionalt stor aktør i ein konkurranseutsett bransje, møter vi heile tida nye konkurranseforhold og utfordringar. Måten vi møter dei på, avgjer om kunden framleis vil velje oss framfor konkurrentane.
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3a3f25f3-345a-4b8e-b391-087b5e3c6994
- Hentet fra
FINN
- Referanse
421770617