Helsesekretær - fast stilling
Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Helsesekretær til faste stilling
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 23. november
Haukeland universitetssjukehus treng dyktig og engasjert helsesekretær.
Oppstart i stillingane vil vere frå snarast eller etter nærare avtale med avdelinga. Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa.
Vi ser etter deg som sett pasienten i fokus, som trivst med utfordringar, er fagleg dyktig, og som likar å arbeide i eit travelt og spennande miljø. Oppgåvene blir løyst i tett samarbeid med andre faggrupper i sjukehuset.
Vi har ledig fast stilling ved desse avdelingane:
Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling kan også søke.
Arbeidsoppgåver
Avdeling for medisinsk genetikk (MGM) er ei av åtte organisatoriske einingar i Laboratorieklinikken, Haukeland universitetssjukehus. Avdelinga har regionansvar for genetiske tenester i Helse Vest. Verksemda er kjenneteikna av tett integrering mellom klinikk og laboratorium for diagnostisk utgreiing, rettleiing og oppfølging av pasientar og deira familiar med sikker eller mistenkt genetisk tilstand.
Seksjon for merkantile tenester har totalt 7,7 årsverk som skal dekkje behovet for merkantile tenester for heile avdelinga. Arbeidsoppgåvene er fordelt på ulike arbeidsstasjonar og helsesekretærane rullerer mellom stasjonane etter oppsette planar. I tillegg blir helsesekretærane tildelt spesialoppgåver etter behov.
På seksjonen har vi ledig ein fast stilling (100 %) som helsesekretær. Ønske om oppstart 02.02.2026
- Betene ekspedisjon og poliklinikk i avdelinga si opningstid 08.00 - 15.30
- Blodprøvetaking
- Mottak og registrering av pasientprøvar
- Klargjere innkommande tilvisingar
- Administrere timeavtalar til polikliniske konsultasjonar
- Handtering og utsending av prøvesvar og skriftleg pasientinformasjon
- Teikning av slektstre
- Utføre tildelte spesialoppgåver
- Norsk autorisasjon som Helsesekretær
- Erfaring frå relevant sjukehusarbeid og kjennskap til DIPS, Unilab og andre fagsystem er ein føremon
- Du må meistre norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Vere ansvarsbevisst og nøyaktig
- Ha høg arbeidskapasitet og takle ein hektisk arbeidskvardag
- Kunne arbeide etter fastlagde prosedyrar
- Ha gode evner til kommunikasjon og samarbeid
- Vere fleksibel og løysingsorientert
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit travelt medisinsk sjukehusmiljø
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
Kontaktinformasjon
Hege Celine Førde , Seksjonsleiar, 55975484Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5041953337
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Hege Celine Førde
Seksjonsleiar
55975484
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3a1edc92-c8e3-4edc-957a-5d5558d13588
- Sist endret
13. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
cc3ee56a045d4b079bea4efff52e72f3
Lignende annonser
Autorisert Helsesekretær
Arbeidsgiver
Helse Pluss Legesenter AS
Sted
Bergen
Helsesekretær
Arbeidsgiver
Åsane Legekontor
Sted
Nyborg
Tannhelsesekretær
Arbeidsgiver
Nordic Care AS avd. Nordic Care - Bergen
Sted
Bergen