Hopp til innhold

Fysioterapeut 100 % fast stilling

Arbeidsgiver

Kommunalområde helse, Sykkylven kommune

Sted

Haugneset 16, 6230 Sykkylven

Om jobben

Stillingstittel
Fysioterapeut 100 % fast stilling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 6. september

Sykkylven kommune søkjer ein engasjert fysioterapeut til 100 % fast stilling i avdelinga Førebygging og meistring!

Vi tilbyr ein spennande arbeidskvardag i eit arbeidsmiljø prega av samarbeid, fagleg utvikling og innovasjon.
Stillinga inngår for tida i eit tverrfagleg team som består av blandt anna fysioterapeutar, ergoterapeutar, hjelpemiddelansvarleg, m.fl. Teamet samarbeider tett med tenestekontoret og andre relevante fagmiljø i kommunen.

Vi har stort fokus på førebyggande arbeid, samt arbeid med rehabilitering av vaksne i eigen heim og i institusjon. Eit av våre mål er blant anna å bidra til at fleire kan bo trygt heime lengst mogleg.

Som fysioterapeut i Sykkylven kommune vil du få ein variert og meiningsfull arbeidskvardag med gode moglegheiter for fagleg utvikling. Du vil også få høve til å vere med å videreutvukle tenestetilbodet i kommunen.

Kan dette vere noko for deg? Då håper vi at du sender oss ein søknad!


Arbeidsoppgåver

  • Kartlegging, vurdering og oppfølging av brukarar med ulike funksjonsfall.
  • Utarbeiding og gjennomføring av målretta rehabiliteringstiltak i samarbeid med brukar og andre faggrupper.
  • Rettleiing og trening med fokus på meistring, funksjon og sjølvstende i kvardagen.
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Rettleiing av brukarar, pårørande og personale.
  • Planlegging, koordinering og gjennomføring av førebyggjande tiltak.
  • Bistå brukarar i søknadsprosessar knytt til hjelpemiddel. 

Kvalifikasjonar

    • Godkjent autorisasjon som fysioterapeut
    • Beherske relevant lovverk
    • Relevant erfaring/utdanning frå, eller interesse for, rehabilitering og førebyggjande arbeid er ønskeleg.
    • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
    • Gode IKT-ferdigheiter.
    • Førarkort klasse B.
    • Gyldig politiattest må leggjast fram før oppstart.

    Personlege eigenskapar

    • Søkjer ein positiv, engasjert og motivert kollega
    • Gode samarbeidsevner og interesse for tverrfagleg arbeid.
    • Løysningsorientert med evne til systematisk, sjølvstendig arbeid
    • Gode kommunikasjonsevner
    • Evne til å bygge relasjoner, sjå brukerens ressurser og motivere til egeninnsats.
    • Bidreg til positivt arbeidsmiljø og godt samhold i gruppa.
    • Personleg eignaheit tilleggast stor vekt. 

    Vi tilbyr

    • Ei spennande stilling med utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
    • Godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer
    • Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk
    • Løn etter avtale/tariff
    • Obligatorisk tenestepensjonsordning
    • Gode forsikringsvilkår og låneordningar

    Kontaktinformasjon

    Linda Søvik, avdelingsleiar, 91898759, linda.sovik@sykkylven.kommune.no
    Kanutte Roald, Einingsleiar Helsehus

    Arbeidsstad

    Haugneset 16
    6230 Sykkylven

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Sykkylven kommune

    Referansenr.: 5164027561
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 06.09.2026

    Kontaktpersoner for stillingen

    Kanutte Roald

    Einingsleiar Helsehus

    Linda Søvik

    avdelingsleiar

    91898759

    linda.sovik@sykkylven.kommune.no

    Om bedriften

    Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.

    Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv. 
    Sjå meir frå Sykkylven
     her

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    39f391f9-3936-48d7-8c70-f521aa9ddb33

    Sist endret

    21. august 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    4c8df5acad1a4697af80776eba4d5e3d

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser