Vil du bli en del av Lingalaks?
Lingalaks AS
Grovabrotet 8, 5600 Norheimsund
Om jobben
- Stillingstittel
- Driftsleder
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest onsdag 19. august
Lingalaks søkjer etter engasjert driftsleiar til lokalitetane våre i Hardanger.
I Lingalaks jobbar me tett på kvarandre og ynskjer at kvar enkelt skal ha moglegheit til å påverka produksjon og retning for selskapet. Hos oss er det viktig at ansatte opplever meistring og personleg utvikling. Derfor jobbar me for at den enkelte skal ha ein variert arbeidskvardag med ansvar og meining.
Du kan lesa meir om korleis me arbeider med berekraftig matproduksjon i berekraftsrapporten som ligg på våre nettsider.
Du vil ha det overordna ansvaret for områdets produksjon og at ressursane vert nytta på ein optimal måte for å oppnå selskapets målsetjingar. Du vil ha stor mogleheit til å arbeida sjølvstendig innanfor våre rammar. Stillinga rapporterer til produksjonsleiar.
Viktigaste arbeidsområde:-
Planlegging, drift og oppfølging av 2/3 lokalitetar
-
Planlgging og oppfølging av vedlikehald av båtar, utstyr og anlegg
-
Koordinere, organisere og leia personell og operasjonar
-
Setje mål og rapportere for sitt ansvarsområde
-
Personal- og HMS-ansvar for avdeling
-
Evne til å Leie andre, planleggje, koordinere og gjennomføre
-
Strukturert og nøyaktig.
-
Vera handlekraftig og løysningsorientert.
-
Har stå-på-vilje, er positiv og likar å arbeide i team.
-
Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
-
Fagbrev eller høgare utdanning innan akvakultur eller tilsvarande, samt maritim erfaring eller erfaring frå fiskeoppdrett.
-
Konkurransedyktige vilkår
-
Kollektiv forsikrings- og pensjonsordning
-
Spanande og varierte arbeidsoppgåver i ei framtidsretta bedrift i rask utvikling
-
Gode mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling, samt anledning til å få meir ansvar i selskapet
Om bedriften
Lingalaks har ei lang og tradisjonsrik historie som matfiskprodusent i Hardanger, Alver, Nord- og Sunnhordland og Karmøy, der me speler på lag med naturen. Me forsyner verda med sunn kvalitetslaks frå Vestlandsfjordane gjennom dyrehald i verdsklasse, og sikrar at flinke folk kan bu på fine plassar ein er glad i. Miljøvenleg og berekraftig produksjon har alltid vore viktig for oss, og me produserer vårt kvalitetsprodukt på 16 ulike lokalitetar med eit årleg volum på om lag 14 000 tonn. Hovudkontoret vårt er i Norheimsund.
Våre 70 dyktige tilsette har målretta fokus på berekraftig produksjon av kvalitetslaks. Lingalaks skal vera ei "Ei føregangsbedrift innan berekraftig lakseproduksjon".
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3997f337-0bd4-4e76-bc8d-9a1742af13a2
- Sist endret
31. juli 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
471243042