100& stilling som vernepleiar/sjukepleiar i langvaktsturnus ved Eidesbrotet bofellesskap
Ullensvang kommune Eidesbrotet bofellesskap
Opheimsgata 31, 5750 Odda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 30. september
Ullensvang kommune, tenesta for funksjonshemma, har ledig 100% fast stilling som vernepleier/sjukepleier i turnus ved Eidesbrotet bufellesskap. Du går inn i ei langvaktsordning (13-14 timer) med moglegheiter for lengre friperiodar. Arbeid kvar fjerde helg inngår i stillinga.
Eidesbrotet bufellesskap er eit døgnbemanna butilbod for vaksne funksjonshemma med ulike bistandsbehov. Vi yter tenester til 17 personar, både i bufellesskapet og i nærområdet. Vi skal yte tenester med god kvalitet og leggje til rette for brukermedverknad i trygge omgjevnader.
Målsetjinga vår er å leggje til rette for at tenestemottakar skal meistre eigen kvardag og opptre mest mogeleg sjølvstendig ut frå eigne føresetnader. Me ynskjer å vere ein attraktiv arbeidsplass der arbeidsglede, inspirasjon og motivasjon står sterkt.
Hovudarbeidsoppgåver
Målretta miljøarbeid
Legemiddelhandtering
Veiledning
Varierte faglege og praktiske arbeidsoppgåver.
Yte tenester etter gjeldande vedtak
Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Utarbeide og følge opp interne rutinar i samarbeid med leiar
Dokumentasjon i gjeldande IT verktøy
Me ser etter deg som:
- har gode samarbeidsevner og er fleksibel og positiv til endringar
handterer uforutsette situasjonar på ein faglig og etisk forsvarleg måte
liker å vere i fysisk aktivitet, kunne gå turar og følge brukarane på ulike aktivitetar.
meistrar norsk skriftleg og munnleg
Erfaring frå målretta miljøarbeid og målgruppa vert tillagt stor vekt. Du må vere personlig skikka til stillinga.
Me tilbyr:
Spennende faglige utfordringar og meningsfylte arbeidsoppgåver
Opplæring og rettleiing
Dyktige, inkluderande og løysingsorienterte kollegaer
Lønn etter hovudtariffavtalen
Rekrutteringsavtale
For vernepleiar og sjukepleiar i turnus kr 25 000 i tillegg til tarifflønn.
I tillegg rekrutteringstilskot i form av stipend til nytilsette vernepleiarar og sjukepleiarar:
Etter 1 års teneste vert det utbetalt kr 30 000.- Etter 2 års teneste vert det på ny utbetalt kr. 30 000.-
Det vert gjort krav om politiattest før tilsetting.
Sletting av utdanningsgjeld/studielån:
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
398bd211-9bd9-43b4-8ceb-8c18bbb2588d
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3540139_250469_nn