Hopp til innhold

Familiehelsetenesta

Arbeidsgiver

Øygarden kommune Familiehelsetenesta

Sted

Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5354 Straume

Om jobben

Stillingstittel
Helsesjukepleiar 100% fast stilling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 12. august

Om avdelinga:

Familiehelsetenesta består av 4 helsestasjonar med jordmorteneste, helsestasjon- og skulehelseteneste, helsestasjon for ungdom og flyktninghelseteneste.

Vi har ledig stilling som helsesjukepleiar i helsestasjon- og skulehelsetenesta. For tida er omlag 80% av stillinga knytt til arbeid på Tjeldstø og Toftøy skular. Stillinga er ledig frå medio september.

Du vil koma til eit engasjert fagmiljø der du vil arbeide tett med andre faggrupper. Øygarden kommune har ei helsestasjon- og skulehelseteneste som er samansett av engasjerte og fagleg dyktige helsesjukepleiarar og legar. Tilsette som arbeider i skulane har faste fagmøte og eigen fagansvarleg leiar. Skulehelsetenesta har gode samarbeidsrutinar med skulane.

Øygarden kommune er ein BTI kommune. Vi søkjer etter deg som er ein positiv lagspelar i et tverrfagleg miljø, og som er trygg i rolla di. 

Dersom intern tilsett får tilbod om stillinga kan andre stillingar og arbeidsoppgåver bli ledig.

Arbeidsoppgåver:

  • Arbeid i skulehelsetenesta. 
  • Individuelle konsultasjoner og gruppe
  • Undervisning
  • Foreldrerettleiing
  • Tverrfaglig samarbeid på individ og systemnivå
  • Delta i fagutvikling

Kvalifikasjonar: 

Må ha:
  • Autorisert helsesjukepleiar eller i utdanningsløp til helsesjukepleiar.
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Ønskjeleg med:
  • Erfaring frå arbeid i skulehelsetenesta
  • Erfaring frå arbeid med grupper
  • Gode dataferdigheter

Personlege eigenskapar:

  • Fagleg dyktig og har engasjement for førebyggjande helsearbeid
  • Fleksibel, løysingsorientert og endringsvillig
  • God på kommunikasjon og har evne til rettleiing
  • Strukturert og sjølvstendig samstundes som du er ein lagspelar
  • God på samarbeid og har evne til å bygge relasjoner
 

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

 

Anna:

Det er naudsynt at ein har førarkort og disponerer bil i tenesta. Det er krav om politiattest.

 

Kvifor velje oss? 

  • Ein meiningsfull og variert arbeidskvardag der ingen dagar er heilt like.
  • Stor grad av sjølvstende og tillit i arbeidskvardagen.
  • Eit inkluderande og kompetent tverrfagleg fagmiljø.
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer.
  • Interessante utfordringar.
  • Høve til fagleg og personleg utvikling.

  

Kontakt:

Einingsleiar:

Berit Algrøy mobil 95208001

berit.algroy@oygarden.kommune.no

Avdelingsleiar:

Louise Armond mobil 41308182

louise.armond@oygarden.kommune.no Søknadsfrist: 12.august 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Louise Armond

avdelingsleiar

+47 41308182

Om bedriften

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 40 700 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

397a9d15-a6ab-4fcb-818a-6c0b9cda7d00

Sist endret

16. juli 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3647329_249267_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser