Ferievikar/ringjevikar - Tysnes legekontor
Tysnes Kommune
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ferievikar/ringjevikar - Tysnes legekontor
Type ansettelse
Sesong, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Om stillinga
Vil du bruka sommaren til å skaffa deg verdifull praksis? Då kan ein sommarjobb i Tysnes kommune vera noko for deg.
Tysnes legekontor treng å styrkja bemmanninga i sommarmånadane, og søkjer deg som ønskjer ein spennande og gjevande sommarjobb.
Du må vere fylt 18 år, og kunne arbeide minst 4-6 samanhengande veker i perioden veke 26 - 33. Ein kan planlegge arbeidet ut i frå den einskilde sine ønskjer og mogelegheiter, i kombinasjon med behovet til kontoret.
Tysnes legekontor tilbyr eit breidt spekter av helsetenester og speler ei sentral rolle i Tysnes kommune. Ved legekontoret er det funksjonar som kommuneoverlege, fastlegar, kontorpersonell, legevakt og jordmor.
Tilsetjing vert gjort fortløpande, så me oppmodar deg om å søkja så snart som mogeleg. Som ferievikar hos oss, styrkjer du også moglegheitane dine til å jobbe som vikar elles i året, og me ber om at du seier noko om interessa di for dette i søknaden. Me ber om at attestar og vitnemål vert lagt ved søknaden.
Kva går stillinga ut på
Til stillinga som ferievikar/ringjevikar ved Tysnes legekontor ligg det varierte arbeidsoppgåver som:
- Resepsjonsarbeid: du vil handtere oppgåver i resepsjonen som f.eks. å besvara telefon, møte og rettleie pasientar, administere timebestillingar og journalføre i Infodoc.
- Laboratoriearbeid: du vil utføre praktiske oppgåver relatert til laboratoriearbeid. Oppgåvene vil avhenge av kva bakgrunn den som blir tilsett har.
- Arbeid på skadestove: du vil delta i arbeidet på skadestova og bistå med relevante helseoppgåver der.
- Tilrettelegge for å sikre god flyt i arbeidet på legekontoret.
Den som blir tilsett vil få naudsynt introduksjon og opplæring i verksemda.
Kva kompetanse som er viktig
Me ser etter ein medarbeidar med helsefagleg utdanning, for eksempel som:
- Helsesekretær
- Bioingeniør
- Sjukepleiar
- Ambulansearbeidar
Medisinstudentar som har fullført minimum tre år av studiet kan også søkje.
Den som blir tilsett må ha:
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Gode IKT-kunnskapar
Dersom du får tilbod om stillinga og takkar ja er det krav om politiattest jf. Helse og omsorgstenestelova § 5-4, samt eigenerklæring tuberkulose og MRSA.
Kva ser me etter hos deg
Me søkjer ein medarbeidar som har følgande eigeskapar:
- Imøtekommande og positiv
- Engasjert, trygg og omsorgsfull
- Fleksibel og evnar å sette seg raskt inn i nye arbeidsoppgåver
- Gode kommunikasjonsevner og likar å arbeide med menneske
- Tar ansvar, jobbar sjølvstendig og samtidig er ein lagspelar
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Kvifor skal du jobba hos oss?
Hos oss vil du få faglege og utfordrande arbeidsoppgåver. Du vil få høve til å auka eigen kompetanse i eit triveleg og tverrfagleg arbeidsmiljø.
Løn vil bli gitt etter gjeldande hovudtariffavtale.
Tysnes kommune har eigen lønsstige for deg som er student innan eit område som er relevant for stillinga. Innan helse gjeld det f.eks. sjukepleie-, vernepleie-, ergoterapi-, eller medisintudentar. Denne er aktuell for deg som kan dokumentere at du har fullført minst eit år av studiet.
Mangfaldserklæring
Tysnes kommune ønskjer å spegla mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønskjer å legga til rette for inkluderande rekruttering.
Om bedriften
Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!
Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggjande sentra utanfor Bergen. Om du spør oss: Verdas beste kommune å veksa opp i!
Når me tel med store og små, er me i dag omlag 2900 godlyndte innbyggjarar i Tysnes.Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjeforbindingar mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er oppteken av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
392fead3-47d1-43fd-a8b3-13a5fdb46246
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10246251