Sjukepleier - 50% natt på Såta bu- og servicesenter
Alver kommune
Kvassnesvegen 14, 5914 Isdalstø
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleier - 50% natt på Såta bu- og servicesenter
- Type ansettelse
- Fast, deltid
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest fredag 2. januar
Om stillinga
Me har ledig 50% fast stilling på natt, med moglegheit for større stilling. Stillinga vil vere ei rein nattevaktstilling. Me har årsturnus, og arbeidet vil vere i snitt kvar 3 helg. Sjukepleiarar i Alver kommune ligg 10 000kr over tariff, og som nattevakt vil du også ha funksjonstillegg.
Såta bu- og servicesenter
I februar 2025 opna ei ny langtidsavdeling for personar med demenssjukdom . Denne avdelinga er ein del av dei fire sjukeheimane vi har i Alver kommune, og den ligg vakkert plassert i sentrum av Knarvik.
Avdelinga har kapasitet til 12 personar med demenssjukdom og vi vil også kunne tilby forsterka skjerma eining ved behov. Målet vårt er å skape eit trygt og omsorgsfullt miljø der bebuarane kan få den støtta og omsorga dei treng.
Arbeidsoppgåver
- Yte omsorgsfull og fagleg forsvarleg helsehjelp til pasientane på sjukeheimen
- Vurdere kvar einskild bebuars behov for oppfølgning
- Iverksette og følge opp tiltaksplanar til den enkelte pasient
- Medikamenthåndtering i henhold til gjeldende rutiner
- Ivareta personsentrert omsorg - skape ro og trygghet for pasiengruppen
Kompetansekrav
- Norsk autorisasjon som sjukeplaiar.
- Dersom du er utdanna utanfor Norden treng du godkjend B2 - test
- Me søkjer fagleg trygge sjukepleiarar med god norskkunnkap både skriftleg og munnleg.
- Du bør ha gode digitale ferdigheiter og evne til å struktruere eigen arbeidskvardag i tråd med dei krav som vert stilt til tenesta.
- God gjennomføringsevne, fleksibilitet, rolleforståing og ei løysingsorientert tilnærming er viktig i ein travel arbeidskvardag.
Erfaring fra pasientgruppa vektleggast
Kven er du?
- Du har gode relasjonelle ferdigheiter og evne til å skapa tillit over tid
- Du er trygg i deg sjølv, handterer krevjande situasjonar med ro og tydelegheit, og tek kloke avgjerder under press
- Har gode kommunikasjonsevner og ser betydninga av både små og store augneblinkar i relasjonsbygging
Vi søkjer etter deg som er tolmodig og engasjert, motiverande og positiv. Du er initiativrik og har engasjement for pasientgruppa. Du har gode samarbeidsevner, men kan og arbeide sjølvstendig. Du trivst i ei til tider uforutsigbar arbeidskvardag, og du utøver yrket ditt med samvit og omsorg.
Du bidrar til godt arbeidsmiljø - også på natt.
Du ser moglegheiter der andre ser utfordringar og kan reflektera etisk og fagleg.
Vi tilbyr
- Fagleg spennande arbeid
- Årsturnus
- Sjukepleiare i Alver kommune ligg 10 000 over minstelønnsgarantien til KS
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Vi er Alver
Bli kjent med Alver kommune
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommuneKontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sjukeheimstenesta i Alver kommune består av 4 sjukeheimar: Knarvik sjukeheim, Lindås bu-og servicesenter, Meland sjukeheim på Frekhaug og Velferdssenteret på Manger. Sjukeheimstenesta har totalt 175 plassar fordelt på korttidsplassar og langtidsplassar for somatikk og demens, palliative plassar, rehabiliteringsplassar og plassar til rullerande avlastning.I tillegg til sjukeheimsavdelingar er kommunalt kjøkken og ressursbank organisert i sjukeheimstenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
38af40b9-82c2-4bc5-83b1-f7fb4c5a5e6f
- Sist endret
15. desember 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10273594
Lignende annonser
Sjukepleier natt - Helsehuset
Arbeidsgiver
Alver kommune
Sted
Isdalstø
Sjukepleiar nattpatruljen - Fast 60%
Arbeidsgiver
Alver kommune
Sted
Manger, Isdalstø
Arbeidsgiver
Alver kommune
Sted
Isdalstø