Seksjonsleiar
Vest politidistrikt
Allehelgens gate 6, 5017 Bergen, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Seksjonsleiar Seksjon Hordaland
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 17. september
Om stillinga
I Vest politidistrikt er det ledig vikariat i stilling som politiinspektør (SKO 0290) med funksjon som seksjonsleiar ved Felles eining for påtale. Vikariatet varer frå tiltredelse til 01.05.2026 med mogleg forlenging.
Seksjonsleiar er ein del av leiargruppa til leiar for Felles eining for påtale, saman med seks andre seksjonsleiarar. Seksjon Hordaland har mellom 10 og 15 tilsette påtalejuristar og har mellom anna ansvaret for alle straffesakene i Geografisk driftseining Hordaland som ikkje blir handsama av spesialseksjonane.
Seksjonen har dyktige og engasjerte juristar. Det er eit godt arbeidsmiljø blant juristane, med ein hektisk arbeidskvardag og med mange, til dels krevjande, saker.
Stillinga er plassert i Bergen.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av det viktige samfunnsoppdraget til politiet, skal vi førebyggje og få bukt med kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidreg til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Vi ser etter personar som er interesserte i å drive utvikling og som vil vere med på å forma politiet i framtida. Vi stiller høge krav til sjølvstende, fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet.
Vidare søkjar vi etter deg som til einkvar tid opptrer profesjonelt og fungerer som ein god ambassadør for politiet gjennom dine haldningar og handlingar i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og løysingsorientert, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.
I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggja vekt på, og dessutan evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
- Personal-, resultat-, budsjett- og HMS-ansvar for seksjonen/eininga
- Leggje til rette for effektiv ressursutnytting, samarbeid og måloppnåing ved seksjonen spesielt og i organisasjonen generelt
- Prioritere oppgåver i samsvar med overordna føringar og verksemdsplanar
- Drive utviklingsarbeid, endring og fornying av straffesakshandsaminga
- Ansvar for systematisk kvalitetskontroll og oppfølging av den samla straffesaksporteføljen innan sitt ansvarsområde
- Bidra til god samhandling med andre interne og eksterne aktørar
- Systematisk oppfølging av kvar enkelt påtalejurist i porteføljehandteringa si
- Leggje til rette for god påtalefagleg leiing av etterforskinga
- Jourtjeneste kan bli pålagt
- Andre oppgåver pålagt av overordna
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
- Juridisk embetseksamen/Master i rettsvitskap
- God fagleg kompetanse innan påtalefeltet
- Utdanning innan organisasjon og leiing fortrinnsvis frå universitet eller høgskule
- Leiarerfaring blir vektlagt og kan i særskilte tilfelle kompensere for manglande leiarutdanning (I vurderinga blir det lagt vekt på omfang, kompleksitet og tidsnærleik)
- Kunnskap og erfaring med HMS
- God skriftleg og munnleg framstilling på norsk og engelsk
- God IT- og systemkompetanse
- Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømmende og utvidet) må innhentast ved ev. tilsetting jfr. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.
Det er også ønskeleg med:
- Kunnskap om personal- og økonomistyring
- Kunnskap om offentleg forvaltning og statleg regelverk
Personlege eigenskapar
- Gode evner til å setje retning, drive endring og motivere sine medarbeidarar
- Evne til handle i eit strategisk og heilskapleg perspektiv, og bidra til god verksemdsutvikling
- Vere sjølvstendig og vedtaksfør med evne til å treffe avgjerder
- Vere mål- og resultatorientert
- Gode kommunikasjonsevner, vere løsningsorientert og ein god relasjonsbyggjar både internt og eksternt
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å være modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om våre etiske retningslinjar og medarbeidarplattform her.
Dette kan vi tilby om du vel oss
- Stillinga blir løna som politiinspektør med funksjon som seksjonsleiar (stillingskode 0290) med årslønn frå kr. 1.090.000,-. Vidare lønnsutvikling vil skje i henhold til hovudtariffavtalane i staten.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordninger. Les meir her.
- Gode arbeidsvilkår (godt arbeidsmiljø, dagtid, heimekontor, og trening i arbeidstida)
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve for å kryssa av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling.
Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukte til å utarbeida anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søker du
Du søkjer ved å skrive eit kort søknadsbrev, registrere utfyllande CV og leggje ved relevante vitnemål og attestar.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Kontaktpersoner for stillingen
Gunnar Fløystad
Leiar Felles eining for påtale
+4792462457
Om bedriften
Vest politidistrikt dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 609 000 innbyggjarar. Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt.
Politidistriktet har om lag 1350 tilsette med konstituert politimeister Ane Kvaal som øvste leiar. Politimeisteren har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
387ec86a-ae1b-4280-980d-11f72aca6d08
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10261737