Psykologspesialist til FACT allmenn-team
Kronstad distriktspsykiatriske senter, Helse Bergen HF
Fjøsangerveien 36, 5053 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Psykologspesialist
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. oktober
Vil du vere med og forme framtidas psykiske helsetenester i Bergen? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Kronstad distriktspsykiatriske senter (DPS) held til i moderne lokale sentralt på Danmarksplass, og har ansvar for bydelane Bergenhus, Årstad og Ytrebygda. Vi er eit DPS i kontinuerleg utvikling, med sterk vilje til å tilpasse oss behova i befolkninga. Allereie har vi eit robust og veletablert FACT psykose-team, og er no godt i gang med å byggje opp eit FACT allmenn-team i tett samarbeid med Bergen kommune.
FACT allmenn-teamet er det første av sitt slag i vår region, og skal tilby eit heilskapleg og fleksibelt behandlingstilbod til personar med alvorlege psykiske lidingar og samansette behov – som ikkje får tilstrekkeleg hjelp gjennom dei eksisterande tenestene. Her får du høve til å bidra til eit meir inkluderande og tilgjengeleg behandlingstilbod for ei gruppe som ofte fell mellom stolane. Teamet er framleis i ein prosjekt- og oppstartsfase, og det er gode moglegheiter for deg som søkjer å vere med og påverke både fagleg retning og vidare utvikling.
Samarbeidet mellom Kronstad DPS og Bergen kommune er organisert som eit 50/50-prosjekt, med finansiering frå Statsforvaltaren. Teamet består av tilsette frå både spesialist- og kommunehelsetenesta, og arbeider etter FACT-modellen (Flexible Assertive Community Treatment) – ein fleksibel, aktiv og oppsøkjande tilnærming til behandling. Målet er å tilby både poliklinisk og oppsøkjande behandling, og å kunne intensivere oppfølginga i kritiske fasar for å førebyggje kriser og innleggelse.
Arbeidsoppgåver
- Bidra aktivt i arbeidet med å utvikle fagleg profil og behandlingsfilosofi i tråd med prosjektbeskrivinga
- Ha spesialistansvar for pasientar i teamet, inkludert utgreiing, diagnostisering og behandling
- Utføre poliklinisk og ambulant, oppsøkjande behandling og rehabiliteringsarbeid for vaksne med alvorleg psykisk liding
- Delta i tverrfagleg teamarbeid etter prinsippa i FACT-modellen
- Gje rettleiing til og samarbeide med det lokale hjelpeapparatet, samt bidra med undervisning og nettverksarbeid
- Samhandle tett med kommunale tenester og spesialisthelsetenesta
- Bidra i rettleiing av studentar og legar/psykologar i spesialisering, som ein del av universitetssjukehuset sitt utdanningsansvar
- Samarbeide med andre delar av behandlingsapparatet, både internt og eksternt, inkludert pårørande og instansar som NAV, skule og arbeidsgivar
Kvalifikasjonar
- Ønskjeleg med spesialisering i klinisk psykologi, men også psykologar utan spesialisering kan søkje
- Brei klinisk erfaring frå psykiatri og/eller rusfeltet, og arbeid med målgruppa i spesialisthelsetenesta og/eller det kommunale tenesteapparatet
- Norsk autorisasjon
- Erfaring med allmennpsykiatrisk og poliklinisk pasientpopulasjon er ein fordel
- Erfaring med akuttarbeid, krisehandtering og komplekse problemstillingar
- Førarkort klasse B er eit krav
- Må meistre norsk godt, både munnleg og skriftleg
- For psykologar utan spesialisering vil det kunne leggjast til rette for vidareutdanning og spesialisering.
Personlege eigenskapar
- Du er fleksibel, initiativrik og engasjert i arbeidet med pasientar som har alvorlege psykiske lidingar
- Du er løysingsorientert og taklar stressande situasjonar med tryggleik, ro og fagleg tilnærming
- Du har evne til å både ta imot og gje tilbakemeldingar, til dømes gjennom kollegarettleiing
- Du har gode evner til kontaktetablering, er tolmodig og jobbar målretta og strukturert
- Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø, og viser omsorg både for deg sjølv og for kollegaer
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du trivst med å jobbe både sjølvstendig og i team – det tverrfaglege samarbeidet i FACT-modellen krev at du likar ein variert og dynamisk arbeidshverdag
- Vi verdset openheit, respekt og fagleg nysgjerrigheit – og ønskjer oss kollegaer som bidreg til eit inkluderande og utviklingsorientert arbeidsmiljø
- Personleg eignaheit vert vektlagt, særleg evne til å handtere høgt tempo og stress, samt vilje til endring knytt til arbeidsoppgåver og tenestemottakarar
Vi tilbyr
- Eit spennande og engasjert arbeidsmiljø med store faglege ambisjonar
- Gode høve til personleg og fagleg utvikling, inkludert rettleiing og kompetanseheving
- Moglegheit til å vere med og forme eit nytt behandlingstilbod i vår region
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver, og tilgang til verktøy og støtte for å meistre dei
- Tverrfagleg samarbeid med høg grad av fagleg refleksjon og utvikling
- Ein arbeidsplass med fokus på kvalitet, tryggleik og kontinuerleg forbetring
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Maria Mowé, Prosjektleiar/ psykologspesialist, 40605682, maria.mowe@helse-bergen.noStig-Arthur Didriksen, Ass. klinikkdirektør, 97951855, sdid@helse-bergen.no
Alf Georg Opheim Sørensen, Klinikkdirektør, 90546220
Arbeidsstad
Fjøsangerveien 365053 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5012045193
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.10.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Alf Georg Opheim Sørensen
Klinikkdirektør
90546220
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
386cc9c9-88ee-4fc8-a609-9015a4e265bb
- Hentet fra
talentech
- Referanse
743541ebb5784f05bab15c5088c41d7f