Barne- og ungd.arb./eller tilsvarande, 100% vikariat (kort)
Gulen kommune
Yndesdalsvegen 2719, 5961 Brekke, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Brekke barnehage og skule. Tilsetjing 100% vikariat frå snarast - 22.02.25
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 20. januar
Om stillinga
Vi søkjer etter ein trygg vaksen som ynskjer å bidra i eit kortvarig vikariat på skulen og på SFO frå snarast og fram til 22. februar (100% vikariat). Det kan vere moglegheit for at deler av stillinga vert forlenga ut skuleåret. Ein del av vikariatet vil vere arbeid på SFO.
Arbeidsoppgåver for ein barne- og ungdomsarbeidar/tilsvarande utd.
- Medverke til at eininga er ei god pedagogisk verksemd
- Medansvar for tilsyn, omsorg og pedagogisk arbeid med barn og unge
- Delta i planlegging, rettleiing, gjennomføring, evaluering og vurdering i verksemda
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande kompetanse. Søkjarar utan godkjent utdanning kan verte vurdert
- Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer etter ein trygg og kreativ vaksen som ynskjer å vere med å skape eit godt læringsmiljø elevane våre
- Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med barna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
- Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for både barn og vaksne
- Er strukturert, men likevel kunne vere spontan i møtet med barna
- Fleksibel og har gode samarbeidsevner
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
- Løn etter tariff
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.
Sektor
Offentlig
Nettsted