Naustdal heimeteneste har ledige
Sunnfjord kommune Naustdal heimeteneste
Sunnfjord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helgestillingar
Type ansettelse
Fast, deltid 20%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Søk på jobben
Søk senest søndag 10. august
Naustdal heimeteneste held til i nye lokalar i sentrum av Naustdal. Vi yt tenester innan heimesjukepleie, heimehjelp, tiltakspakke demens/ kreftomsorg og velferdsteknologi til heimebuande i Naustdal sitt distriktet. I tillegg har vi ansvar for 15 omsorgsbustadar knytt til Naustdal omsorgssenter. Eininga har i dag 22 årsverk. Det er samla mykje kompetanse blant anna innan demenssjukdom, geriatri, kvardagsrehabilitering, lindrande behandling og velferdsteknologiske løysingar i eininga. Både gjennom formell vidareutdanning, men òg opparbeida gjennom praksis. Vi ønsker å vere ei levande og engasjert teneste med framtidsretta fokus, der vi saman skal yte gode tenester til innbyggjarane våre!
Vi har ledig:
Stillingane er 2 delt turnus med arbeid kvar 3. helg, eller langvakter med arbeid kvar 4. helg. Vi har fleire helgestillingar som er ledige, og alle som har interesse innan fagfelt i omsorgssektoren kan søke.
Oppmodar spesielt sjukepleiestudentar om å søke. Desse har eigen lønnsstige. Dei som har ønska fagutdanning kan få tilbod om fast stilling, andre aktuelle søkarar får tilbod om mellombels stilling i 6 månader.
Tilsetting vert gjort fortløpande.
Krav til søkar:
- norsk autorisasjon som sjukepleiar eller fagbrev helsefagarbeidar
- gyldig politiattest
- du beherske norsk både munnleg og skriftleg
- førarkort klasse B
Vi søker deg som:
- er fleksibel og likar utfordringar
- er strukturert, ansvarsbevist og løysingsfokusert
- taklar å jobbe med ulike brukargrupper
- ønsker å jobbe i bustad for eldre
- er oppteken av, interessert i, eller har erfaring i å jobbe med personar med demens
- har fokus på det miljøterapeutiske aspektet i tilnærminga til brukarane
- er nytenkande og kreativ
- bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr:
- engasjerte kollegaer og leiarar
- inkluderande miljø
- pasientnært og fagleg fokus
- god og tilstadeverande leiing
- eigen lønsstige til sjukepleiestudentar
Du må søke elektronisk.
Alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Fritak frå offentleggjering blir gjort unntaksvis og du må grunngje kvifor du skal unntakas offentlegheit i tekstfeltet til søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
37f53731-fd8d-4bac-843c-1e147faacc37
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3510331_191727_nn