Ørsta Brygge Sameige søker vaktmeister
Ørsta Brygge Sameige
Strandgata 15, 6150 Ørsta
Om jobben
Ørsta Brygge Sameige er på utkikk etter ein påliteleg, praktisk og sjølvstendig vaktmeister som kan bidra til at eigedomen vår blir godt teken vare på i kvardagen.
Sameiget består av bustader, næringsseksjonar, fellesareal, tekniske installasjonar og uteområde.
- Oppstart
- 1. august 2026
- Stillingstittel
- Vaktmester
- Type ansettelse
- Fast, deltid 15% - 25%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Hva vi ser etter
Vi ser etter deg som:
-
Er praktisk anlagt og likar varierte oppgåver
-
Arbeider sjølvstendig og tek ansvar
-
Er påliteleg og nøyaktig
-
Har teknisk forståing eller interesse for bygg og tekniske anlegg
-
Har evne til å oppdage feil og manglar før dei utviklar seg
-
Kommuniserer ryddig med styret og bebuarar
-
Har høve til å følgje opp oppgåver jamleg gjennom veka
Relevant erfaring frå vaktmeisterarbeid, drift av bygg, tekniske anlegg, vedlikehald eller liknande er ein fordel, men personlege eigenskapar og praktisk gjennomføringsevne vil bli vektlagt.
Arbeidsoppgaver
Arbeidet vil mellom anna omfatte:
-
Handtering av boss, inkludert ut- og innkøyring av avfallsbehaldarar, montering av nye sekkar og spyling ved behov
-
Tilsyn med belysning i inngangsparti og felles gangareal
-
Fjerning av snø etter brøyting ved inngangsparti, samt strøing ved behov
-
Kontroll og reinsking av taksluk, særleg i periodar med mykje lauv
-
Spyling av utvendige fellesareal
-
Dagleg tilsyn med teknisk rom
-
Reinsking av sjøvassfilter og føring av temperaturar og trykk knytt til varmepumpeanlegget
-
Mindre førefallande vedlikehald, til dømes enkle målejobbar, mindre reparasjonar, fjerning av ugras og liknande
-
Kontroll av sprinkleranlegg, avlesing av trykk og testing av alarm
-
Reinsking/støvsuging av dørskinner i heisane
-
Rapportering til styret eller teknisk gruppe ved feil, manglar eller behov for større tiltak
Vi tilbyr
Vi tilbyr-
Eit fleksibelt deltidsoppdrag med arbeidstid som i stor grad kan tilpassast eigen kvardag
-
Om lag 30 timar arbeid per månad, basert på dagens vaktmeisterordning
-
Varierte og praktiske arbeidsoppgåver gjennom året
-
Stor grad av sjølvstende i planlegging og gjennomføring av arbeidet
-
God dialog med styret og teknisk gruppe
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Ørsta Brygge er eit boligsameige med 57 leiligheter og 3 næringsseksjonar i den flotte og nyrestaurerte Strandgata, rett ved fjorden i Ørsta sentrum. Det tidlegare industribygget som har husa mellom anna møbelfabrikk vart frå 2008 til 2011 pussa opp og gjort om til leiligheter med høg teknisk standard, der samtlige har vannbåren varme.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
37c470e1-3218-4930-a6bb-bcc0d5ce8950
- Sist endret
9. juli 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
37c470e1-3218-4930-a6bb-bcc0d5ce8950