Seksjonssjef HMS og Bærekraft
Statens vegvesen
Fylkeshuset. Julsundvegen 9, 3. etg, 6412 Molde, Nygårdsgaten 112, 5008 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Seksjonssjef HMS og Bærekraft Utbygging
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest onsdag 7. januar
Om stillinga
Kontrakt og marknad har i dag 32 medarbeidarar fordelte på fire fagteam. Frå 1. januar 2026 vil avdelinga vere organisert som tre seksjonar (Anskaffingar, Kontrakt og HMS- og berekraft) i tillegg til eit prosjektutviklingsteam under avdelingsdirektøren. Stillinga vil organisatorisk liggje til seksjon HMS og bærekraft Utbygging og kontorstad vil vera Bergen eller Molde.
Avdelinga har mellom anna ansvar for å utvikle konkurransegrunnlag, kontraktar og ulike typar rammeverk og støttande dokument som handbøker, rettleiingar og andre hjelpedokument for divisjonen. I tillegg driv Kontrakt og marknad kompetanseutvikling i divisjonen innan avdelinga sine fagområde.
Arbeidsoppgåver
Som seksjonssjef for HMS og bærekraft vil arbeidsoppgåvene dine vere dagleg leiing av seksjonen, inkludert personal- og resultatansvar for 13 medarbeidarar. Du skal legge til rette for utvikling av kompetanse og kapasitet innanfor seksjonen og avdelinga sitt arbeidsområde, og sørge for både personleg og fagleg utvikling for dine medarbeidarar.
Du skal
• sikre at seksjonen leverer tenester av høg kvalitet til divisjonen
• vere ein fagleg sparringspartnar for prosjekta, seksjonen sine medarbeidarar og leiinga
• medverke til å vidareutvikle innovative strategiar og handlingsplanar innan HMS og berekraft
• delta i leiarteamet og bidra til heilskapleg styring av avdelinga
Leiing i Statens vegvesen
Som leiar i Statens vegvesen forventes det at du følgjer leiarprinsippane våre – vårt felles kompass for godt leiarskap:
- Sett retning – eg ser framover, varetek heilskapen og viser veg.
- Ver til stades – eg lytter, tek vare på medarbeiderane og motiverer til innsats.
- Skap saman – eg er drivkraft for samarbeid og deling. Eg gjer det trygt å utforske nye moglegheiter.
Prinsippa byggjer på våre verdiar og gir retning for korleis vi leier, samhandlar og utviklar oss – både som enkeltleiarar og som organisasjon.
Kvifor skal du velje oss?
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Hos oss får du mange moglegheiter gjennom å bli ein del av eit landsdekkjande, solid og viktig verksemd. Samtidig er det også opp til deg å bidra til rørsle og kontinuerlig utvikling - både for deg sjølv og for oss.
Vi jobbar for alle – for deg og meg – og har ein reell påveknad på folks kvardag. Du får ansvarsfulle oppgåver og høve til fagleg og personleg utvikling. Vi tek godt imot deg i eit godt arbeidsmiljø over heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
- Fleksitid og avspasering – vi veit at balansen mellom arbeid og fritid er viktig, og vi tilbyr fleksible arbeidstider.
- God pensjonsordning og lån – trygg fremtid med gode pensjonsordningar og gunstige lån.
- Trening i arbeidstida – moglegheiter for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitetar.
- Faglig påfyll – mange moglegheiter for kurs og vidareutdanning.
Lønna di blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Kvalifikasjonskrav
Vi ser etter deg som har- leiarerfaring
- relevant høgare utdanning (ingeniør, HMS, miljøfag eller tilsvarande)
- erfaring med HMS-arbeid og berekraft i store prosjekt
- kompetanse innan berekraftstrategiar, klima- og miljøkrav og integrering av desse i prosjekt
- kjennskap til relevante lover og forskrifter (arbeidsmiljølova, byggherreforskrifta, internkontrollforskrifta)
- god forståing for regelverk og standardar innan HMS og miljø
- Du er nysgjerrig, ambisiøs og vert motivert av å utvikle menneske og fagmiljø
- Du er strukturert, løysingsorientert og trygg i leiarrolla
- Du har strategisk blikk og evne til å tenkje heilskapleg
- Da har sterke kommunikasjonsevner og evne til å byggje relasjonar
Dersom du har tatt heile eller delar av utdanninga di i utlandet, anbefaler vi ein autorisert omsetjing av dine dokument og godkjenning frå HKDIR (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).
Som tilsett i Statens vegvesen er det viktig at du er sikkerhetsmessig skikka og har god dømmekraft, pålitelegheit og lojalitet.
Om søknadsprosessen
Krav til søknadenVi har gjort det enklare for deg! I staden for eit tradisjonelt søknadsbrev, ber vi deg svare på nokre relevante spørsmål. Hugs å fyll ut felta for "Utdannelse" og "Arbeidserfaring", og last opp vitnemåla dine og eventuelle attestar. Dette hjelper oss med å få eit godt bilete av bakgrunnen og kvalifikasjonane dine.
Testar og bakgrunnssjekkFor å sikre at vi finn den beste kandidaten, kan vi bruke arbeidspsykologiske testar som ein del av rekrutteringsprosessen vår. Desse testane gir oss innsikt i eigenskapane og ferdigheitene dine, og hjelper oss med å gjere ei rettferdig og objektiv vurdering, slik at vi finner den best kvalifiserte kandidaten. Vi gjennomfører også bakgrunnssjekk for å verifisere informasjon som er viktig for rekrutteringsprosessen.
Positiv særbehandlingVi i Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer å skape ein inkluderande arbeidsplass. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Om du har ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil du få moglegheit for positiv særbehandling.
Søkjarlista er offentlegDersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du grunngi dette. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje kan komme ønsket ditt i møte.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Statens vegvesen er hjartet i Noregs vegsektor, og vi jobbar kvar dag for å sikre eit effektivt, trygt og heilskapleg transportsystem. Som den største aktøren innan vegtransport i Noreg, har vi ansvaret for riks- og europavegane, samt tryggleiken til alle som ferdast langs vegen. Vårt oppdrag er å planleggje, byggje, drifte og vedlikehalde denne kritiske infrastrukturen.
Vi utviklar regelverk og standardar som gjeld for alle vegeigarar i Noreg, og gjennom vårt arbeid med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og digitale tenester, sørgjer vi for at både folk og næringsliv har tilgang til enkle, effektive, trygge og miljøvennlege transportmoglegheiter.
Statens vegvesen består av to forvaltningsnivå - eit direktorat og seks landsdekkande divisjonar, som saman jobbar for å gjere vegane våre betre for alle.
Statens vegvesen har et viktig samfunnsoppdrag: Vi utviklar, bygger og drifter et sikkert, effektivt og miljøvennleg transportsystem for hele landet.
Utbyggingsdivisjonen i Statens vegvesen er den største landbaserte byggherren i Noreg. Divisjonen har ansvar for planlegging og bygging av dei større vegprosjekta til Statens vegvesen. Operativt er divisjonen delt inn i fire utbyggingsområde, ei fagressursavdeling og ei avdeling for kontrakt/market.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
37690609-1d22-47ba-b060-f157d2902de3
- Sist endret
18. desember 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10274314
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Statens vegvesen
Sted
Stavanger, Bodø, Lillehammer, Bergen, Trondheim, Tromsø
Seksjonssjef Kontrakt Utbygging
Arbeidsgiver
Statens vegvesen
Sted
Molde, Bergen
Seksjonssjef Anskaffelser Utbygging
Arbeidsgiver
Statens vegvesen
Sted
Molde, Bergen