Vil du gjere ei viktig samfunnsoppgåve - Kyrkjegardsarbeidar
Kinn Kyrkjeleg Fellesråd - Florø
Kinn kommune, 6906 Florø, Kinn
Om jobben
- Stillingstittel
- Kirkegårdsarbeider
- Oppstart
- Etter avtale
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Skandinavisk eller norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest i dag
Send søknad til
Er du glad i å arbeide, fleksibel og løysingsorientert? Hjå oss kan du utføre ei viktig samfunnsoppgåve. Dette er ei heilt avgjerande stilling for alle i lokalsamfunnet.
Kinn kyrkjelege fellesråd har ledig ei fast stilling som kyrkjegardsarbeidar i 100 prosent, med oppstart snarast.
Kinn kyrkjelege fellesråd er lokal gravplasstyresmakt i Kinn kommune. I Kinn sør har vi tolv gravplassar, og det er desse du primært vil få i oppgåve å arbeide med. I Kinn nord har vi sju offentlege kyrkjegardar og ein privat. Kinn kyrkjelege fellesråd har i tillegg ansvar for sju kyrkjer, og vedlikehald eller anna relevant arbeid ved desse kan famne inn under stillinga. Vi har eit stort ynske om at våre tilsette kan utføre fleire oppgåver og vere fleksible, soleis at vi best mogleg kan utføre samfunnsoppdraget vårt med dei ressursane vi har.
Oppgåver som naturleg ligg til stillinga:
Dette ser vi etter
Vi vil leggje avgjerande vekt på at søkjar er eigna til stillinga. Ingen krav til utdanning. Løn etter kyrkjeleg tariff. Pensjonsordning i KLP. Søkjarlista er offentleg.
Arbeidet vil utvikle seg etter tilhøva og det fellesrådet treng.
Dersom du har spørsmål til stillinga, kontakt kyrkjeverja i Kinn, Dag Henrik Nygård. Kontor 481 00 481 -- mobil 466 455 75. Send søknad til kyrkja@kinn.kommune.no, eller lever på kyrkjekontoret i Florø, Markegata 28. Søknadsfrist 29. oktober 2025.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Kinn kyrkjelege fellesråd er lokal gravplasstyresmakt i Kinn kommune. Vi har 19 offentlege kyrkjegardar i drift, spreidde over heile kommunen. Vi skal vere der for alle innbyggjarane i kommunen, og utfører eit viktig samfunnsoppdrag. I tillegg har vi ansvar for kyrkjene i Kinn kommune. Du vert del av eit mangfaldig arbeidsmiljø som har samansette oppgåver på viktige område i lokalsamfunnet.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3703136e-9d66-4723-8c31-935d77fd8ae5
- Sist endret
29. oktober 2025
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
3703136e-9d66-4723-8c31-935d77fd8ae5
Lignende annonser
Gravlundsmedarbeider
Arbeidsgiver
Stord Kyrkjelege Fellesråd
Sted
Stord
Arbeidsgiver
Austevoll sokneråd
Sted
Storebø
Etat for bygg og eiendom, Anleggsgartner
Arbeidsgiver
EBE Prosjektavdeling, Bergen kommune
Sted
Bergen