Hopp til innhold

Jobbspesialist IPS

Arbeidsgiver

Nav Sunnfjord og Ytre Sogn

Sted

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde

Om jobben

Stillingstittel
Jobbspesialist IPS
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 9. september

Bankar hjartet ditt litt ekstra for ungdom som ønskjer å ta steget vidare mot arbeid eller utdanning? Har du tru på at alle har noko å bidra med i arbeidslivet? Trivst du med å skape relasjonar og samarbeide med arbeidsgjevarar i ulike bransjar? Då kan dette vere stillinga for deg.

Vi søkjer no ein jobbspesialist til vårt IPS-team i Nav Sunnfjord og Ytre Sogn i fast stilling.

Som IPS-jobbspesialist jobbar du etter metoden Individuell jobbstøtte (IPS), der målet er å hjelpe menneske med psykiske helseutfordringar og/eller rusutfordringar ut i arbeid eller utdanning. Metoden byggjer på eit tett og forpliktande samarbeid mellom kandidaten, Nav, helsetenesta, skule føresatte og arbeidsgjevarane.

Du blir ein del av eit engasjert team som veit at vegen til jobb ikkje er rett fram. Gjennom tett oppfølging, målretta arbeid og gode relasjonar bidreg du til å opne dører og skape moglegheiter for menneske som ønskjer å delta i arbeidslivet. Samarbeidet med arbeidsgjevarar er ein sentral del av arbeidet.

Kontorplassen din er på eit teamkontor saman med gode kollegaer ved psykisk helsevern for barn og unge, Førde BUP, på Førde sentralsjukehus, men den viktigaste arbeidsplassen finn du ofte ute blant folk. Meir enn 60 prosent av arbeidstida di blir brukt ute i næringslivet, saman med eller på vegner av kandidatane. Du etablerer kontakt med arbeidsgjevarar, byggjer relasjonar og identifiserer moglegheiter for arbeid og utdanning.

Dersom du ser moglegheiter der andre ser hindringar, og ønskjer å bidra til at fleire ungdomar får bruke ressursane sine i arbeidslivet eller skule, håpar vi du søkjer stillinga.


Kva går jobben ut på? 

  • følgje opp kandidatar i alderen 16-21 år på vegen mot arbeid eller utdanning, i tråd med metodikken Individuell jobbstøtte (IPS)
  • kartlegge ressursar, interesser og ønskje knytte til arbeid og utdanning hjå kandidaten
  • etablere kontakt med arbeidsgjevarar og identifisere moglegheiter for arbeid og utdanning
  • følgje opp og samarbeide tett med arbeidsgjevarar, skule, Rettleiingstenesta og helsetenesta
  • ha ansvar for eiga portefølje, dokumentasjon og rapportering i Nav sine fagsystem
  • bidra til måloppnåing og gode resultat når det gjeld overgang til arbeid og utdanning

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Du må ha
  • fullført utdanning på minimum bachelornivå. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for kravet til utdanning.
  • erfaring frå rettleiing, motivasjon eller oppfølgingsarbeid
  • førarkort klasse B
  • gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsferdigheiter på norsk

 

Det er ein fordel om du har
  • kjennskap til arbeidsmarknaden og lokalt næringsliv
  • erfaring med metodikken IPS (Individuell jobbstøtte)
  • erfaring frå relasjonsarbeid med ungdom

Kva ser vi etter hos deg?

Vi trur at ulike erfaringar, bakgrunnar og styrkar kan bidra til å lukkast som jobbspesialist. Samstundes ser vi at nokre eigenskapar er særleg viktige for å trivast og lykkast i denne rolla:

  • du kommuniserer godt og skaper tillit hjå menneske med ulike behov og føresetnader
  • du trivst med oppsøkjande arbeid og med å skape kontakt med nye menneske
  • du er løysingsorientert og ser moglegheiter
  • du arbeider sjølvstendig og målretta, med fokus på kvalitet og resultat

Kvifor velje oss?

I denne stillinga får du vere med på å gjere ein stor skilnad for unge menneske på vegen mot arbeid, utdanning og meistring. Du får stor grad av fridom og sjølvstende i korleis du legg opp arbeidsdagane dine, og ein variert arbeidskvardag med mykje kontakt med menneske, arbeidsgjevarar og samarbeidspartnarar. Vi tilbyr:

  • opplæring, kurs og kompetanseheving 
  • fleksibel arbeidstid og moglegheit for trening i arbeidstida
  • eit godt arbeidsmiljø prega av høg kompetanse og engasjerte kollegaer 
  • god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
  • statleg tilsetjing i stillingskode 1434 rådgjevar med lønnsspenn frå kr 639 000–660 000 per år. For særs kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.
Les meir om Nav som arbeidsgivar

Kontaktinformasjon

Bente Senneset Skilbrei, Avdelingsleiar Jobbstøtte, 95701358, bente.senneset.skilbrei@nav.no
Nina Marie Hjelmeland, Metodeveileder, 41530661, Nina.Marie.Hjelmeland@nav.no

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Nav

Referansenr.: 5168466799
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.09.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Nina Marie Hjelmeland

Metodeveileder

41530661

Nina.Marie.Hjelmeland@nav.no

Bente Senneset Skilbrei

Avdelingsleiar Jobbstøtte

95701358

bente.senneset.skilbrei@nav.no

Om bedriften

Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.  

Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.

Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.

Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no. 

NAVstilling

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

3674e411-9194-4060-9f44-90e1c7f02aa9

Sist endret

24. august 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

31126cbaff3148fe8299760fa3666ebc

Lignende annonser

Laster lignende annonser