Jobbspesialist IPS
Nav Sunnfjord og Ytre Sogn
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Jobbspesialist
Oppstart
1. desember 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. oktober
Ynskjer du å gjer ein skilnad for unge mennesker? Bankar hjartet ditt litt ekstra for dei som står utanfor? Har du trua på at det finst ein jobb for alle?
Trivst du med kontakt med arbeidsgjevarar i alle slags bransjar? Kan du kunsten med å vere ein brubyggar?
Mange spørsmål, og det verkar kanskje til at vi leiter etter ein superhelt - og det gjer vi faktisk.
For ein IPS jobbspesialist er ein kvardagshelt med usynleg kappe og no treng vi ein vikar (med moglegheit for fast tilsetjing) inn i vårt IPS-team i Nav Sunnfjord og Ytre Sogn.
Som IPS jobbspesialist jobbar du med individuell jobbstøtte for personar med psykiske helseutfordringar og/eller rusproblem. Metodikken byggar på eit forpliktande samarbeid mellom helseteneste og Nav. Som IPS-jobbspesialist jobbar du difor saman med behandlarar og arbeidsgjevarar for at kandidatane skal lukkast i arbeidslivet.
Målet? Hjelpe kandidaten å kome i arbeid eller utdanning.
Enkelt? Langt i frå, men hadde det vore enkelt, hadde jo alle gjort det. Vi lukkast fordi ein er ein del av eit team som følgjer ein metodikk som fungerer i praksis.
Som jobbspesialist samarbeidar du tett med både Nav, helseteneste og arbeidsgjevarar. Kontorplassen din er på Førde sentralsjukehus, ved Psykiatrisk poliklinikk DPS Førde. Likevel vil du mesteparten av tida di vere ute i næringslivet (ja, vi snakkar over 60 % av tida) saman med eller for kandidat - så det er ein stor fordel om du likar varierte arbeidsdagar.
Kan det vere at du er den modige superhelten vi leiter etter?
Arbeidsoppgåver
Ein IPS jobbspesialist samhandlar mykje; med ungdommen sjølv, behandlarteam, skule, Nav og arbeidsgjevarar og næringsliv.
Rolla di inneber at du skal:
- Følgje opp inntil 20 ungdommar i alderen 16-30 år
- Identifisere ungdommen sine interesser, ferdigheiter og ressursar samt legge ein plan for vidare skule eller arbeid
- Følgje ungdommen so lenge ungdommen og arbeidsgjevar har behov for det
For å følgje opp etter metodikken vil du difor nytte mesteparten av tida di ute i næringslivet/lokalmiljøet for å oppsøke skule/studiestad, bedrift og bygge nettverk med desse .
Kort fortalt kjem du til å dagleg:
- Oppsøke og etablere kontakt med lokale bedrifter
- Skape dialog og bygge nettverk med arbeidsgjevarar
- Matche deltakere med relevante jobbar basert på deira ønskjer og kompetanse
- Delta i møter saman med mellom anna behandlere for å koordinere innsatsen kring ungdommen
- Dokumentere kontakten med arbeidsgjevarar og ungdommen
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- Utdanning på bachelornivå frå universitet eller høgskule. Relevant utdanning og/eller erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- Relasjonskompetanse og erfaring frå å arbeide med mennesker
- Førarkort klasse B
Det er ein fordel om du og har:
- Gode digitale ferdigheiter
- Erfaring frå arbeid med ungdom
- Erfaring med oppsøkande kundekontakt og nettverksbygging
- Erfaring frå samhandling med arbeidsgjevarar og god kjennskap til den lokale arbeidsmarknaden
- Erfaring med å registrere og dokumentere arbeidet ditt
Personlege eigenskapar
Kvar enkelt jobbspesialist er heilt unik og vi har difor ingen fasit på kven vi ser etter. Likevel veit vi at ein kjem langt med ein eller fleire av dei følgande eigenskapane for å kunne trivast i jobben:
- Du ser moglegheiter både på kort og lang sikt (også kalla løysningsorientert) kor kanskje ingen andre, til no, har sett dei
- Du jobbar metodisk, er sjølvgåande og resultatorientert, med fokus på kvalitet
- Du har trua på at alle – uansett utfordringar – kan nytte sine ressursar i arbeidslivet
Vi tilbyr
I tillegg til løn kan vi lokke med:
- Eit sterkt fagleg og engasjert kollegium med skikkeleg flinke kollegaer
- Fleksibel arbeidstid og mogelegheit for trening i arbeidstida
- Stor påverknad på din eigen arbeidsdag
- Rettleiing og fagleg oppfølging frå metoderettleiar; dette gjer deg og teamet best mogeleg
- Meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver, sånn heilt på ekte
- Ein kjekk måte å bli kjent med næringslivet i region Sunnfjord
- Eit spennande vikariat, som kan bli til fast tilsetjing
- Lønnsrammene er stilling som 1434 rådgiver med årsløn frå kr. 590.000 til kr. 640.000, avhengig av kompetanse og ansiennitet. For særs kvalifiserte søkarar kan noko høgare lønn vurderast.
- Medlemskap i Statens Pensjonskasse (SPK) med gode pensjons-, låne- og forsikringsordningar
Les meir om Nav som arbeidsgivar
Kontaktinformasjon
Bente Senneset Skilbrei, Fungerande avdelingsleiar, 95701358, bente.senneset.skilbrei@nav.noNina Marie Hjelmeland, Metodeveileder, 41530661, Nina.Marie.Hjelmeland@nav.no
Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NAVReferansenr.: 5017468925
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.12.2025
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 12.10.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
36621e95-43f0-4bd0-88dd-2c35282b8234
- Hentet fra
talentech
- Referanse
422189e2c70a42888145c0728510d58d