Hopp til innhold

Off. godkjent sjukepleiar vikariat Hjørundfjordheimen

Arbeidsgiver

Omsorg og sjukeheim

Sted

Øyragata 20, 6165 Sæbø

Om jobben

Stillingstittel
Off. godkjent sjukepleiar Hjørundfjordheimen
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest lørdag 12. september

Er du sjukepleiar og ser etter nye utfordringar? Vi har ledig 100 % vikarstilling ved Hjørundfjordheimen for perioden d.d.- 31.07.2027.

Hjørundfjordheimen er lokalisert ca 25 km frå Ørsta sentrum i bygda Sæbø ved vakre Hjørundfjorden. Hjørundfjordheimen har to avdelingar, der sjukeheimsavdelinga har 16 plassar og bukollektivet har 18 plassar. Ved eininga er der også integrert heimeteneste for heimebuande i Hjørundfjorden. Vi legg vekt på at alle som bur her skal oppleve ein verdig alderdom i eit trygt miljø.

Vi ser etter deg som er engasjert, fagleg trygg og ansvarsfull, som bidreg til trivsel og omsorg for bebuarane, og som ønskjer å vere med på å vidareutvikle ei teneste i endring. Du må kunne handtere ein til tider hektisk kvardag, men du vil alltid ha dyktige og støttande kollegaer rundt deg. 

Avdelinga jobbar med årsplanlegging og oppgåvedeling for å sikre fagkompetanse gjennom heile døgnet og året.
Du kan få moglegheit til å gå langvakter på helg. Dette vil gi deg fleksibel turnusordning, ein trygg arbeidskvardag med kjende kollegar på vakt og god balanse mellom arbeid og fritid. 
Som medarbeidar ved Hjørundfjordheimen vil du få nødvendig fagleg utvikling og kompetanseheving gjennom fagdagar, e-læring og kurs. 

Vi ser etter deg som er engasjert, fagleg trygg og ansvarsfull, som bidreg til trivsel og omsorg for bebuarane, og som ønskjer å vere med på å vidareutvikle ei teneste i endring. Du må kunne handtere ein til tider hektisk kvardag, men du vil alltid ha dyktige og støttande kollegaer rundt deg. 


Arbeidsoppgåver

Vi arbeider etter primærkontaktprinsippet og har fokus på medisinsk oppfølging, ernæring og trivsel for den enkelte.

  • Utføre pleie og omsorgsoppgåver, på ein fagleg og etisk måte
  • Fokus på forebygging og støtte under brukarane sine eigne ressursar
  • Utføre oppgåver i tråd med vedtak og gjeldande prosedyre
  • Dokumentasjon av observasjonar, målingar og pleie i henhold til lov og forskrift
  • Samhandle med brukar, pårørande og andre samarbeidspartar
  • Veiledning og opplæring av medarbeidarar
  • Oppfølging og implementering av interne rutinar og retningsliner

Justeringar og endringar innan for arbeidsgjevar sin styringsrett kan skje i samsvar med det som er kommunen sine behov til ei kvar tid.

Kvalifikasjonar

  • Søkjaren må vere off. godkjent sjukepleiar
  • Relevant arbeidserfaring
  • Du må kunne nytte digitale fagsystem og velferdsteknologiske løysingar
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
  • Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetting 

Personlege eigenskapar

Vi ynskjer at du:

  • har interesse og gjennomføringsevne i å gi brukarane godt innhald i dagane
  • er interessert i fagleg oppdatering i form av interne kurs
  • likar utfordringar og handtere raske endringar i arbeidsoppgåver
  • er engasjert, løysingsorientert, tek initiativ og ansvar
  • er fleksibel og har evne til å både arbeide sjølvstendig og å samhandle med andre
  • bidreg til eit positivt arbeidsmiljø

Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju

Vi tilbyr

  • utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • gode kollegaer og eit triveleg arbeidsmiljø
  • kompetanseutvikling gjennom e-læring, internundervisning og kurs
  • gode forsikrings og pensjonsvilkår:
    Ørsta kommune har gode forsikringsordningar i KLP for sine tilsette, som også inkl. frivillig ulukkesforsikring på fritida. Som tilsett i Ørsta kommune får du del i ei av Noreg sine sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. 
    Som medlem i KLP får du i tillegg tilgong til ekstra gode vilkår på bank, forsikring og sparing.

Stillinga er plassert i HTA kap. 4 gr. 2 –stillingar med krav om minimum 3-årig høgskuleutdanning
Stillingskode 7174 sjukepleiar  

Arbeidsvilkår:  Dag/kveld inkl. helgar
Det kan vere aktuelt å gi bonus for auka timetal på helg

Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement.

Prøvetid
Prøvetid i faste stillingar er 6 mnd. I lengre vikariat er det høvesvis. Fråvær går til fråtrekk. 

Intern søkjarDersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller har andre faktorar knytt til lov- og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. jf AML §14.

Dokumentasjon 
Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til, samt stillingsstørrelse eller antal timar.

Om offentleglova
Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste, i samsvar med offentleglova §25. Ønsker du å at namnet ditt skal vere unnateke frå den offentlege søkarlista, må du grunngje dette i søknadsskjemaet. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil du få beskjed og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.

 

Kontaktinformasjon

Nina Måseidvåg, Avd.leiar, 476 00 236, nina.maseidvag@orsta.kommune.no

Arbeidsstad

Øyragata 20
6165 Sæbø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ørsta kommune

Referansenr.: 5168523797
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 12.09.2026

Kontaktperson for stillingen

Nina Måseidvåg

Avd.leiar

476 00 236

nina.maseidvag@orsta.kommune.no

Om bedriften

Ørsta kommune er med  om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.

Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver

Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap

Heiltidskultur og inkludering
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid. 

Ørsta kommune skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsnedsetting, kulturell bakgrunn eller hol i CV `en. Tilsettinga skjer elles på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av lov, tariffavtaler og reglement. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

36353277-d7e1-42ba-8fa3-688ce47145d8

Sist endret

21. august 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

2070a24028df418cb4ecf28931db39c7

Lignende annonser

Laster lignende annonser