Ver dei første til å møta dei som treng vår hjelp
Skatteetaten, Brukerdialog
Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Veileder
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest onsdag 15. oktober
Vår førstelinje er sjølve hjarta i Skatteetaten, og vi skal nå styrke den med to faste rettleiarar på Leikanger. Fagområde vil vera Skatt person. Vi ser etter engasjerte og serviceinnstilte personar som ønsker å skapa gode brukaropplevingar, og som er komfortable med å sjonglera mellom ulike fagsystemer i arbeidskvardagen.
Vårt mål er at brukaren skal få hjelp til å løysa sine problem første gang dei tar kontakt med oss, slik at dei kan handle rett. Difor er denne jobben ekstremt viktig for oss! Det å kommunisera tydeleg og forståeleg, og at du er eit servicemenneske, er heilt grunnleggjande for å lykkast i denne jobben.
Høyres dette spennande ut, søk då vel!
Kva går jobben ut på?
Du vert ein del av eit landsdekkande rettleiingsteam som er førstelinja til Skatteetaten. På Leikanger er vi om lag 40 medarbeidarar som gir rettleiing og informasjon mot Skatt privat segmentet og saksbehandlar på avklarte områder.
Hjå oss vil dine arbeidsoppgåver i hovudsak vera
- å rettleia over telefon innan fagområda skattekort og skattemelding
- å rettleia skriftleg ved å svara på kontaktskjema og andre skriftlege førespurnader
Du kjem til å jobba i team med dyktige og engasjerte kollegaer. Oppgåvene vil gi deg god innsikt i Skatteetatens fagområder, og verdifull erfaring frå ein offentlig etat med høgt utviklings- og brukarfokus.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Du må ha
- fullført bachelorgrad innan relevant fagområde. Internasjonale grader må være godkjent av NOKUT / HK-direktoratet. Spesielt relevant rettleiingserfaring kan kompensere for deler av utdanningskravet.
- god muntleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
- gode digitale ferdigheiter, særlig system- og navigeringskompetanse er viktig i denne jobben
I tillegg vil det vera ein stor fordel om du har erfaring frå relevant rettleiingsarbeid innafor komplekse tenester og/eller regelverk.
Kva ser vi etter hjå deg?
For å trivast og lykkast hjå oss er det viktig at du har personlege eigenskapar som:
- Serviceinnstilt: likar å jobba med menneske og yte god service ved å ha brukaren sitt behov i sentrum
- Lærevillig: Du kan sette deg inn i nye og kompliserte regelverk
- Problemløyser: Du er fleksibel i arbeidskvardagen og hjelper til der det trengs
- God kommunikator: Du evner å rettleia tydeleg og enkelt slik at brukar forstår
- Pågangsmot: Du tilpassar og omstiller deg raskt i forhold til brukaren sine behov i ein hektisk kvardag, sjølv om ting kan vera litt uforutsigbart
- Relasjonsbygger: Du er omgjengeleg og inkluderande i møte med brukar og kollegar
Kvifor skal du velje oss?
Høyrest det givande ut å jobbe med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då trur vi du vil trivst hos oss! Vi kan frista med moglegheit til å jobbe med samfunnsaktuelle saker i ein nytenkande organisasjon som har stor tillit i befolkninga.
Du får også medlemskap i Statens pensjonskasse, ei av dei beste pensjonsordningane i Noreg og med moglegheit til å søkje om bustadlån med gunstige vilkår. Les meir om dette på spk.no.
Då får høve til å bruka fleksitid, betalt overtid, sommartid, samt moglegheit til å trena litt i tilknyting til arbeidstida.
I tillegg vil det vere mogleg å veksla mellom å jobbe heimafrå og møtast på kontoret. Hos oss kan du inngå avtale om heimearbeid når arbeidsoppgåvene tilseier at det let seg gjera.
Du blir tilsett som førstekonsulent eller rådgjevar, med ei årslønn mellom 550 000 og 650 000 kr, avhengig av kvalifikasjonane dine. Dei første seks månedene er prøvetid.
Vi ber om at vitnemål og attester lastes opp som vedlegg til søknad.
Verdt å merke seg når du søker
Søknadsbrev brukar vi ikkje: For oss er det meir nyttig at du leverer ein beskrivande CV der du får fram kva du har gjort tidlegare som gjer at dette er ein god match - og svarer på eit par spørsmål. Få med korleis du har jobba med rettleiing tidlegare.
Omvendt referansesjekk: Vi vil du skal kjenne deg trygg på valet når du takkar ja til å jobbe hos oss. Dersom du er aktuell for stillinga, tilbyr vi deg ein omvendt referansesjekk. Det betyr at du får ringe ein av medarbeidarane våre og stille dei spørsmåla du måtte ønskje for å finne bedre ut om vi er ein god match
Likeverd, likestilling og mangfold: Vi er på jobb for alle og skal vere ein god stad å jobbe for alle. Likeverd, likestilling og mangfold er ein del av kulturen vår og vi har nulltoleranse for diskriminerande praksis og oppførsel. Har du hol i CV-en din, funksjonsnedsetjing eller innvandrarbakgrunn oppfordrar vi deg til å krysse av for dette når du søkjer stillinga hos oss. Det gir deg moglegheit for å få positiv særbehandling. Vi kaller alltid inn minst éin kvalifisert kandidat frå kvar av desse gruppene til intervju.
Offentleg søkjarlista: Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Det er mogleg å be om å verta unntatt denne søkjarlista. Då må du i så fall grunngje kvifor du ønskjer det, og vi tar deretter stilling til om vi kan innvilge ønskjet ditt. Kan vi ikkje det, høyrer du sjølvsagt frå oss.
Bakgrunnssjekk: Vert gjennomført av aktuelle kandidater, der ein verifiserer utdanning, arbeidserfaring, samt ID-sjekk.
Kontaktinformasjon
Steinar Røysum, Underdirektør, 90145370Siv Kristin Torvund, Underdirektør, 99536853
Arbeidssted
Njøsavegen 26863 Leikanger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: SkatteetatenReferansenr.: 5020618570
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.10.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Siv Kristin Torvund
Underdirektør
99536853
Steinar Røysum
Underdirektør
90145370
Om bedriften
Velg en jobb der du får utfordret deg selv ved å løse utfordringer for andre. Vi sikrer finansiering av velferdssamfunnet ved å sørge for at alle bidrar med det de skal. Vi gjør det på vegne av fellesskapet, fordi velferden er noe som kommer alle til gode. Tilliten folk har til oss er høy, og den jobber vi hver dag for å fortjene. Vi består av et direktorat, fem divisjoner som har landsdekkende ansvar, og viktigst av alt: litt over 7000 engasjerte medarbeidere som er stolte av arbeidsplassen sin. Vil du bli enda bedre kjent med oss og alt vi holder på med? Les mer på skatteetaten.no
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
35db6ad5-8ee5-4c0a-9981-aa5f54c4b371
- Hentet fra
talentech
- Referanse
25b3117daac742719cbb756d00eb2dc6