Er du sjuke-/vernepleiar og har ønske om å jobbe som tilkallingsvikar?
TSB rehabiliteringspost, Helse Fonna HF
Asaldalvegen 1, 4250 Kopervik, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Tilkallingsvikar
Type ansettelse
Vikariat, deltid 0%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 30. november
Avdeling for Rus og Avhengighet (ARA) er ei nyoppretta avdeling med lokasjonar både i Haugesund og i Kopervik. Me er ein del av klinikk for psykisk helsevern og rus i Helse Fonna.
TSB rehabiliteringspost ved ARA i Kopervik gir døgnbasert rusbehandling og ettervern til pasientar mellom 18 og 26 år. Her blir du ein del av eit tverrfagleg team med blant anna spesialsjukepleiarar, vernepleiarar, sosionomar, miljøterapeutar, lege og psykologspesialist – som saman arbeider for å gi pasientane eit nytt grunnlag for vidare meistring i livet.
Vi ser nå etter tilkallingsvikarer (med medisinkompetanse) som kan ta vakter ved fravær.
Ta gjerne kontakt om du har spørsmål. 👉 Me vil behandle søknadar fortløpande, så søk allereie no!
Kva går jobben ut på?
- Miljøterapi
- Pasientbehandling i tverrfaglege team
- Vera ein tydeleg, trygg og engasjert lagspelar i arbeid med pasientgruppa
- Ansvarsvakt
- Tilrettelegging for, og deltaking i, fysisk aktivitet
- Tilrettelegging for, og deltaking i, samtalegrupper
- Samarbeid med interne og eksterne instansar
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar, med eller utan relevant videreutdanning
- Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid er ein fordel
- Erfaring frå tverrfagleg samarbeid er ein fordel
- Interesse for fysisk aktivitet i behandling
- Sertifikat for bil
- Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- er oppriktig engasjert i pasientgruppa
- samarbeider godt og bygg tillit i teamet
- er trygg i møte med andre og god til å skape relasjonar
- formidlar bodskap på ein klar og tydeleg måte
- møter både kollegaer og pasientar med rausheit og godt humør
- tek ansvar og jobbar sjølvstendig
- har kapasitet til å ta vakter på dagtid, kveldstid og natt, også helger og ferier
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- Eit arbeidsmiljø der vi trivst, støttar kvarandre og har det godt saman.
- Høg fagleg kompetanse og engasjerte kollegaer.
- Moglegheit for både fagleg og personleg utvikling.
- Ein arbeidsplass med fokus på inkludering og mangfald.
Kontaktinformasjon
Trude Rødseth Lygre, Funksjonsleiar, trude.rodseth.lygre@helse-fonna.noArbeidsstad
Asaldalvegen 14250 KOPERVIK
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5028184535
Stillingsprosent: 0%
Anna
Søknadsfrist: 30.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
35d01e22-e564-42be-b3b6-92861ff8c091
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a1d550f7d0524bb58c627f1d9dfe8831