Barnehagelærer
Læringsverkstedet Sæ Barnehage AS
5417 Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Barnehagelærer
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt, dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 25. september
Bli med å få verdens viktigste verdier til å vokse
🧡 I Læringsverkstedet er visjonen vår:
"Vi får verdas viktigaste verdiar til å veksa."
Har du lyst til å vera med på laget?
I Læringsverkstedet Sæ barnehage jobbar vi kvar dag for å gjera ein forskjell i livet til barna. Hos oss skal alle kjenna at "Du er viktig" – det gjeld både store og små. No ser vi ein barnehagelærar som vil vera med og skapa eit trygt, utviklande og leikande barnehagemiljø.
Kvifor jobba hos oss?
Hos oss jobbar du saman med engasjerte og dyktige kollegaer i eit stort og trygt fagmiljø! Me har eit attraktivt pedagogisk konsept og tilgang til mykje inspirerande materiell gjennom vår interne ressursbank.
Du får halde deg fagleg oppdatert gjennom kurs og fagopplæring, og du blir ein del av ein organisasjon som tek kompetanse på alvor. Me tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar samt tariffavtale gjennom PBL.
Læringsverkstedet sitt løfte til alle tilsette:
"Hos oss har du alle moglegheiter til å utvikla deg både fagleg og menneskeleg, og gjera verdas viktigaste jobb på best mogleg måte."
Er du den vi leter etter?
Som barnehagelærar er du faglig og administrativ medansvarlig, som aktivt implementerer Læringsverkstedets verdiplattform og kvalitetsstandardarar. Du bidreg i gjennomføring og planlegging av daglige gjøremål, prosjekter og aktiviteter, på lang og kort sikt.
Dine oppgåver vil blant anna vera:
- Å vera ein tydeleg og varm vaksen i barnas kvardag
- Planlegging, gjennomføring og evaluering av pedagogisk arbeid i tråd med rammeplanen
- Oppfølging av enkeltbarn og grupper
- Samarbeid med kollegaer og føresette
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø og fagleg utvikling
- Vera stadfortredar for pedagogisk leiar ved fråvær
Kven trur vi passar i rolla?
Vi ser etter deg som er relasjonsorientert, og som ser kvart einskild barn. Du lyttar og er lydhøyr for kva barna ynskjer å formidla. Du har faglege ambisjonar og eit ekte hjarte for jobben du gjer.
Du er løysingsorientert, fleksibel og samarbeidsvillig, og trivst med å jobba med menneske frå ulike bakgrunnar og livssituasjonar. Du er ikkje redd for nye utfordringar, jobbar godt under press, og er både ansvarsbevisst og sjølvstendig.
Me ynskjer oss ein barnehagelærar som er:
- God, varm og omsorgsfull
- Leiken og ambisiøs
- Raus og tydeleg
Kvalifikasjoner
- Har godkjend barnehagelærarutdanning (eller tilsvarande utdanning godkjend av UDIR)
- Er ein trygg, varm og engasjert vaksen.
- Har evne til å skape gode relasjonar med både barn, føresette og kollegaer
- Har god samarbeidsevne og eit positivt engasjement for barnehageyrket
- Er lojal til barnehagen sine verdiar og arbeidsmåtar
- Tek initiativ og ønskjer å bidra til utvikling og forbetring
- Har gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- Kan leggje fram politiattest før tilsetjing (skal ikkje leggjast ved søknaden
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde
Om barnehagen
Læringsverkstedet Sæ barnehage har om lag 115 barn og 33–36 tilsette, fordelt på 7 avdelingar. Me held til på Ås, i nærleiken av Leirvik sentrum, og har eit rikt og variert nærmiljø som vi nyttar aktivt kvar einaste dag. Barnehagen ligg sentrumsnært, med kort veg til både byliv, kulturhus, ei aktiv hamn og kai, samt flotte turområde rett utanfor porten.
Naturen og nærmiljøet ser vi på som ein verdifull ressurs, og turar er ein viktig del av kvardagen vår. Dei yngste barna brukar nærområda som Ås-skogen og museumsparken, og vi er så heldige at vi får disponere den gamle korttidsbarnehagen som ligg på museumsområdet.
Dei eldste barna har tilgang til to minibussar, som gir oss fridom til å dra på lengre turar. Me utforskar nærområda på Stord, men reiser òg til Sagvåg, Litlabø, Fitjar, Bømlo og Sveio. Turane blir tilpassa alder, tema, prosjekt og årstid.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
35c3d1fd-1467-4552-a9d0-321f0c5eb593
- Hentet fra
sap
- Referanse
2739-dibberas